Hopp til innhold
Engvald Bakken
Engvald Bakken
Foto: Kuben museum. Nytta etter avtale.
X
Innhald

Engvald Bakkan

Engvald Bakkan, apotekar og forfattar, var ei lågmælt forfattarrøyst frå skog- og heiebygda Åmli i Aust-Agder. Han skildra tragiske menneskelagnader frå åmlisoga i trilogien Krossen er din (1947–52), men kom lenge i skuggen av litteraturen frå sørlandskysten, som i lang tid definerte diktinga på Agder.

Bakkan var fødd i Åmli i Aust-Agder 20. august 1897 og døydde 3. juli 1982. Alt som 11-åring reiste han frå heimbygda for å gå på skule. Han var ferdig utdanna farmasøyt i 1923 og arbeidde det meste av livet som apotekar i Stavanger og på Bryne. Bakkan verka som forfattar og som skribent i ymse blad, mellom anna som fast bokmeldar i stavangeravisa Rogaland. Skrivinga dreiv han attåt apotekararbeidet til han gjekk av for aldersgrensa som styrar av Apoteket Ørnen i Stavanger i 1967.
Bakkan skreiv i alt 11 bøker: fem romanar, fire novellesamlingar og to barnebøker. Han debuterte med romanen Den kvelvde skåla i 1931 og avslutta forfattarskapen med novellesamlinga Ei kvern som mel (1976). Sjølv om Bakkan levde det meste av livet sitt i Stavanger, er berre éin av romanane, Men han var Alexander (1939), lagd til bymiljøet. Byapotekaren Bakkan var først og fremst ein skildrar av bygdemiljøet og bygdehistoria.
Bakkan fekk det høgthengjande Gyldendals legat i 1953.
Kulturformidlar og menneskeskildrar
Bakkan hadde sterke lokal- og kulturhistoriske interesser. Alt i gutedagane hadde Engvald fått høyre gamle forteljingar av far sin, Olaf Salvesen, som verka som lærar i heimbygda. Mykje av det munnlege tradisjonsstoffet han høyrde i barndomen, tok han tak i som vaksen forfattar. Segner og soger frå heimbygda kom til å gi form til eit stadeige litterært univers og namn og liv til personane i mange av romanane og novellene hans.
Bygdelivsbakgrunnen kjem tydeleg fram i romantrilogien Krossen er din (1947), Gjennom Fossane (1949) og Regnbogen i toreskya (1952), som av mange er rekna som det fremste verket i forfattarskapen. Åmlibygda på tidleg 1700-tal er åstaden for den dramatiske historia forfattaren spelar ut om det fredlause paret frå Mjåvasstøyl, enkjemannen Knut og svigerinna Inger. Dei innleier eit forhold etter at første kona til Knut, syster til Inger, er død. Inger vert med barn, misser barnet, men etterburden vert funnen, paret fordømt og forholdet rekna som blodskam etter reglane og normene den tida. Ved god hjelp frå bygdefolket greier paret å gøyme seg for kongens menn i ein mannsalder i heieområda på Agder, for å unngå å verte tekne etter at domen for utukt er vorten rettskraftig. Bakkan får tydeleg fram dei veldige konsekvensane val og enkelthandlingar har for livet og lagnaden for mennesket i eit samfunn. I botnen på trilogien ligg segnene, men Bakkan gjorde eigne grundige kjeldestudium og arbeidde seg gjennom rettsreferata frå saka mot Inger og Knut i statsarkiva alt frå 1936, for å skape innhald til forteljingane. 
Eventyrforteljaren
Bakkan skreiv òg lett og levande for born. Av barnebøkene hans nådde Bjørnen, reven og Pinn-Ola på eventyr (1942) lengst ut. I denne boka spelar Bakkan tydeleg på det vanskelege forholdet mellom bjørnen og reven, slik det kjem fram i den norske eventyrtradisjon. Saman med piggsvinet, Pinn-Ola, fer dei rundt på eventyr. Møte med både gode og dårlege menneske skaper stadige spenningar i forteljingane, men tilhøvet mellom menneske og dyr er oftast humoristisk framstilt.
Bakkan og den litterære kanon
Mange litteraturkjennarar og -forskarar vil hevde at Bakkan fekk altfor liten plass i eiga litterær samtid og seinare i litteraturhistoriske framstillingar. Forfattaren har vorte oppfatta som «smålåten» på eigne vegner og altfor lite påakta av litteratane.
Den gamle åmlidialekten har ein framskoten plass i mange av bøkene til Bakkan. Dei språklege vala Bakkan gjorde, saman med den lokale bygdekonteksten han nyttar i skapinga av det litterære landskapet, førte nok til at mange sette den noko nedvurderande merkelappen «heimstaddikting» på forfattarskapen hans. Det var derfor også lenge vanleg å leggje mest vekt på den meir kultuhistoriske verdien i Bakkans litterære bidrag. Men forfattaren har gjennom dei seinare åra vorte vurdert på nytt og lyfta fram. Dei som vil oppskrive verdien av bøkene hans, peikar på at språket kan ha skapt eit feilaktig bilete av ein lite tilgjengeleg forfattar og med det lesevegring mellom ulike lesargrupper. Bakkans forfattarskap har nok òg falle på sida av ei tematisk og geografisk definert kanonforståing av litteratur frå den sørlegaste landsdelen med vekt på kyst og lune typar.
Bakkans litterære høgdepunkt syner ein forfattar med djup psykologisk innsikt og evne til å formidle aktuelle filosofiske grunnproblem, utan at han vert utru mot den kulturhistoriske samanhengen har skriv seg inn i.
Kjelder
Bjørn Hemmer: «Engvald Bakkan – en ukjent stordikter fra Indre Agder», i Sørlandet og litteraturen. Kristiansand 1995.
Tor Obrestad: «Engvald Bakkan og romantrilogien Krossen er din», i Søk. 13 artiklar om litteratur. Oslo 2005

Først publisert: 12.08.2011
Sist oppdatert: 25.04.2013