Hopp til innhold
X
Innhald

Ernst Barlach

Ernst Barlach, 1870–1938, var tysk grafikar, diktar og bilethoggar.

Barlach laga ekspressive figurar, ofte i sterk, forenkla rørsle, som Tiggarkvinna (1907) og Den einsame (1911), og han laga også eit krigsminnesmerke i Kiel (1928). For dramaet Syndfloda frå 1930 fekk han Kleistprisen. Kunsten til Barlach vart bannlyst av nazistane som Entartete Kunst.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.09.2016
Sist oppdatert: 28.09.2016