Hopp til innhold
X
Innhald

Fabio Biondi

Fabio Biondi, fødd 1961, er italiensk fiolinist og orkesterleiar. Biondi har vore viktig innanfor periodeinstrumentrørsla. Han stifta ensemblet Europa Galante i 1990 med hovudvekt på eit repertoar frå barokken og klassisismen.
 
Sidan 2005 har han vore kunstnarisk leiar for Stavanger Symfoniorkester si satsing på tidlegmusikk.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 28.04.2014