Hopp til innhold
X
Innhald

Frank Bakke-Jensen

Frank Bakke-Jensen, forsvarsminister frå hausten 2017. Tidlegare sjølvstendig næringsdrivande, ordførar og stortingsrepresentant for Høgre frå Finnmark.

Frank Bakke-Jensen er fødd 8. mars 1965 i Båtsfjord i Finnmark. Han tok elektro grunnkurs ved Hammerfest videregående skole i 1981–82 og serviceelektronikk ved Breivika videregående skole i 1982–84. Han studerte kristendom ved Høgskolen i Finnmark i 1993–94, prosjektleiing ved Universitetet i Tromsø i 2002–03 og marknadsføring for reiselivet ved Høgskolen i Finnmark i 2005–06.

Bakke-Jensen arbeidde først som skipselektronikkteknikar ved Maritim Elektronikk i 1984–86 og Radioservice AS i 1986–87, og så som teknikar ved Marin El AS i 1987–89. Han var utstasjonert i Libanon (Unifil) i 1990–91, arbeidde som lærar ved Båtsfjord skole i 1991–95 og som ekspeditør ved Båtsfjord Reiseservice AS ved Båtsfjord lufthamn i 1995–99. Frå 1999 til 2007 var han dagleg leiar og eigar av firmaet, og han var ordførar for Høgre i Båtsfjord kommune i 2007–09. I dei to stortingsperiodane frå 2009 til 2017 var Bakke-Jensen stortingsrepresentant for Høgre frå Troms, og i desember 2016 blei han utnemnd til EØS- og EU-minister i Solberg-regjeringa. 20. oktober 2017 blei han forsvarssminister i den same regjeringa.

Han var medlem av styret i Båtsfjord Høgre i 1989–90, medlem av kommunestyret i Båtsfjord i 1999–2009, dei i to siste åra var han ordførar. Bakke-Jensen var òg medlem av fylkestinget i Finnmark i 2007–09. Han var 2. nestleiar i Finnmark Høgre i 2008–09, 1. nestleiar i arbeidsutvalet i Finnmark Høgre i 2008–10 og leiar i 2012–14. I dei to periodane (2009–17) som stortingsrepresentant sat han i næringskomiteen og var Høgre sin fiskeripolitiske talsmann. Som statsråd har han permisjon frå Stortinget.

Kjelder

Om Frank Bakke-Jensen på stortinget.no: https://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=FBJ [lesedato 29.1.2017]

Om Frank Bakke-Jensen på hoyre.no: https://hoyre.no/personprofiler/frank-bakkejensen/ [lesedato 29.1.2017]

Peikarar

Øystein Hage og Anders Furuset: «Nå blir finnmarkingen minister», fiskeribladet.no

Rolf Edmund Lund: «Frank topper lista», altaposten.no

Tor Einar Schøning: «Løvebakke Jensen», ifinnmark.no

David Stenerud: «– Frank Bakke-Jensen blir minister», dagsavisen.no

Først publisert: 21.03.2017
Sist oppdatert: 23.01.2019