Hopp til innhold
X
Innhald

Geir Botnen

Geir Botnen, pianist, er vorten møtt med stor åtgaum for tilnærminga si til komposisjonar av Edvard Grieg og Geirr Tveitt.

Geir Botnen er fødd 27. februar 1959 i Norheimsund i Hardanger. Han er utdanna ved Bergen Musikkonservatorium (1978–1983), der han studerte med pianisten Jiri Hlinka. I 1982 var han den første norske pianisten som fekk vere med i Tsjajkovskij-konkurransen i Moskva. Han debuterte i Oslo i 1988. I 1998 var han med under interpretasjonar med komponisten György Kurtág i Berlin.
Botnen har vore solist med fleire av dei norske symfoniorkestra og har halde ei rekkje konsertar internasjonalt. Han har medverka ved Festspela i Bergen og ved ulike norske kammermusikkfestivalar. Frå 1988 har han vore aktiv i ensemblet Trio i ein fjord, saman med kvedaren Reidun Horvei og felespelaren Knut Hamre.
Repertoaret til Botnen spenner frå barokkmusikk til modernisme og nyare verk. Han har vore spesielt oppteken av klaververka til Grieg og Tveitt, særleg dei med tilknyting til Hardanger. Dette arbeidet har resultert i eit knippe innspelingar på selskapet Simax.
Botnen var elles ein sentral initiativtakar til festivalen Hardingtonar, som ønskjer å auke kjennskapen til Geirr Tveitt, og dessutan til folkemusikk og anna kulturskaping i Hardanger. Botnen har sidan 2006 vore styreleiar for festivalen, som vert arrangert i Norheimsund.
Kjelder
E-post frå Geir Botnen
CV på nettsidene til Hardingpuls, http://www.hardingpuls.no/index.php?content=medlemmer&memberid=331 [lesedato 23.04.2010]
Omtale på nettsidene til Pro arte, http://www.proarte.no/bot/bot_cv.htm [lesedato 23.04.2010]

Først publisert: 23.04.2010
Sist oppdatert: 29.04.2013