Hopp til innhold
Foto: Samlaget
Foto: Samlaget
X
Innhald

Geirdis Bjørlo

Geirdis Bjørlo, barnebokforfattar, regissør, skodespelar og dokkemakar.

Geirdis Bjørlo er fødd 14. oktober 1952 i Vestnes i Romsdalen og er busett i Bergen. Ho tok førskulelærarutdanning i Trondheim og drama ved Høgskolen i Bergen (1972–75), hospiterte ved Vestlandets Kunstakademi (1979), tok teaterutdanning i California (1981) og kunsthistorie og forming i Bergen (1994–97).
Ho var medeigar og utøvar i den frie, profesjonelle teatergruppa Teatret Rundt-Omkríng (1976–1994) og har hatt samarbeidsprosjekt med Hordaland Teater. Ho arbeider som sjølvstendig kunstnar innanfor scenekunstfeltet.
Bjørlo debuterte med barneboka To nissar i 2000. Boka bygde på den mangeårige figurteaterframsyninga ved Hordaland teater, Svingennissen og Nissen på Bakken, som ho skreiv saman med ektemannen Sigurd Lysbakken. Bjørlo hadde ansvar for scenografi, kostyme og dokker.
I 2004 kom Kort til ein engel, ei alvorleg bok om å misse ein nær familiemedlem. Illustrasjonane uttrykkjer det melankolske og gir rom for kjensler. Ei midtsommarsoge (2006) handlar om dei magiske kreftene i naturen, om tussar og om menneske. I 2011 kom Avtrykk, den første boka hennar for vaksne. Løyndomar blir avslørt, og forteljinga vekslar mellom fortid og notid.
Bjørlo turnerte med Den kulturelle skulesekken med framsyninga Store Stemme i samarbeid med Figureteateret i Nordland i 2006–10. Framsyninga blei nominert til Heddaprisen i 2007 og Gullsekken i 2008.
Kjelder
Samtale med Geirdis Bjørlo
Biografi hos Proscen, procsen.no, publisert 27.07.2009, http://www.proscen.no/index.php/bruker/204 [lesedato 22.03.2011]
Forfattarside om Geirdis Bjørlo, samlaget.no, http://www.samlaget.no/Forfattarar/B/Geirdis-Bjoerlo.aspx [lesedato 22.03.2011]
Anne Schäffer: «Bittersøtt savn», bokmelding av Kort til ein engel på barnebokkritikk.no, publisert 25.11.2004, http://www.barnebokkritikk.no/modules.php?name=Reviews&rop=showcontent&id=199 [lesedato 22.03.2011] 
Peikarar

Først publisert: 22.03.2011
Sist oppdatert: 11.04.2018