Hopp til innhold
X
Innhald

George Boole

George Boole, 1815–64, engelsk matematikar som er mest kjend for bidraga til å utvikle matematisk logikk. Han gav ut The Mathematical Analysis of Logic (1847) og hovudverket The Laws of Thought (1854). Desse "tankelovene" kan framstillast som reglar og lover som er analoge med den kommutative, assosiative og distributive lova i elementær algebra. Slike algebraar vert gjerne kalla boolesk algebra.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012