Hopp til innhold
X
Innhald

Georges Bizet

Alexandre César Léopold Bizet, fransk operakomponist. Skreiv Carmen, eit av dei aller mest framførte og folkekjære verka i operalitteraturen.

Georges Bizet var fødd 25. oktober 1838 i Paris og døydde 3. juni 1875 i Bougival. Han voks opp i ein musikalsk familie og vart teken opp ved konservatoriet i Paris berre ni år gamal. Han var ein stjernestudent, og i 1857 vann han den prestisjetunge «Prix de Rome» for kantaten Clovis et Clotilde. For prispengane levde han tre år i Italia, før han etablerte seg som komponist, repetitør og arrangør i Paris, der han vart verande resten av livet.

Bizet sitt store bidrag til operalitteraturen er Carmen (1875), det siste verket hans. Operaen var sjokkerande i samtida, både på grunn av det seksuelt ladde innhaldet og Carmen sin valdelege og realistiske død på scena i slutten av operaen. Musikken representerer høgdepunktet i Bizet sin produksjon og kombinerer nokre av dei mest kjende melodiane i operahistoria med stor dramatisk teft og gode karakterportrett.

Andre sentrale verk er operaen Perlefiskarane (1863), Symfoni nr. 1 og orkestersuitane Jeux d'enfants (1871) og L'Arlesienne (1872). Sjølv om Bizet aldri var særleg innovativ musikalsk sett, fekk skildringane av underklassekarakterane i Carmen mykje å seie for seinare operakomponistar, særleg i den italienske verismo-bølgja, der Giacomo Puccini var ein av hovudfigurane. Både Carmen og Perlefiskarane nyttar såkalla eksotismar, handlingar lagde til kulturar som det franske publikummet fann eksotiske.

Bizet vart utnemnd til riddar av den franske Æreslegionen 3. mars 1875, same dag som Carmen hadde premiere. Han døydde på høgda av komponistvirket sitt, berre 36 år gamal.

Stjernestudent

Bizet imponerte mange i studietida, og mellom dei var den store komponisten Charles Gonoud, som vart den viktigaste mentoren hans. Det eldste Bizet-verket som stadig vert framført, er den energiske Symfoni nr. 1, skriven med ein eineståande moden teknikk, endå komponisten berre var 17 år gamal. Bizet var òg ein glimrande pianist, og seinare arbeidde han ofte både som repetitør og arrangør av orkesterverk for piano.

Om lag samstundes komponerte han dei første operaene. I 1856 vann han ein konkurranse som operettekomponisten Jaques Offenbach arrangerte, med éiaktsoperaen Le docteur Miracle, som vart framført offentleg året etter. Dei strålande akademiske prestasjonane hans sikra han «Prix de Rome» i 1857, ein pris med stipend, delt ut av den franske staten til framståande utøvarar innanfor ulike kunstgreiner.

Mange avbrot

Utanom eit obligatorisk opphald i Roma sette ikkje prisen mange krav til Bizet, og han fullførte relativt få verk dei tre åra han budde i den italienske hovudstaden. Attende i Paris gjekk han i gang med å leite etter arbeid og kommisjonar, og snart fekk han tilbod om å skrive ein fullengdes opera for Théâtre Lyrique. Perlefiskarane, som fekk premiere hausten 1863, vert framleis mykje spela, og duetten «Au fond du temple saint» er særleg populær.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bizet-Frå operaen Perlefiskarane på Florida Grand Opera. Foto Florida Grand Opera, Flickr.com CC BY 2.0.jpg?w=600

Frå operaen Perlefiskarane på Florida Grand Opera. Foto: Florida Grand Opera, Flickr.com CC BY 2.0

Av dei neste operaene hans vart Ivan IV aldri framført, og La jolie fille de Perth var ikkje sterk nok til å få nokon varig effekt. Ei rad andre prosjekt vart påbyrja og avbrotne, både på grunn av dårleg økonomi i teatra, Bizet si varierande gjennomføringsevne og andre uheldige omstende, mellom anna den fransk-prøyssiske krigen i 1870 og Pariskommunen i 1871.

Etter opprøret i Paris i 1871 la Bizet frå seg alle gamle prosjekt og skreiv i staden eíaktsoperaen Djamileh (1871), som var eit langt betre verk, sjølv om mottakinga var meir negativ enn musikken fortente. Same året skreiv han den vakre pianosuiten Jeux d'enfants, som han seinare arrangerte for orkester. Ein etterlengta publikumssuksess kom med orkestersuiten frå skodespelet L'Arlésienne i november 1872. Året etter vart prestisjeprosjektet Don Rodrigue avbrote fordi Opéra-teatret brann ned i oktober 1873. Berre delar av musikken overlevde.

Carmen

Då brannen råka, hadde Bizet allereie skrive delar av Carmen, men som så mange av dei andre prosjekta hans hadde han lagt det bort, denne gongen på grunn av den utfordrande handlinga. Men då Opéra Comique-teatret gav han nytt klarsignal i 1874, gjekk han straks i gang med å fullføre verket. Endå fleire vanskar, både musikalske og «moralske», gjorde at premieren vart utsett til 3. mars året etter.

Operaen vart i stor grad dårleg motteken i pressa, medan publikum var lunkne, men noko meir positive. Komponisten døydde likevel overtydd om at Carmen var ein fiasko. Like etter vart operaen sett opp i Wien, og her vart han ein kjempesuksess, med lovord frå prominente komponistar som Wagner og Brahms. Snart spreidde Carmen seg som ein farsott over Europa, og då nyoppsetjinga i Paris i 1883 vart ein strålande suksess, var ringen slutta. Sidan har verket vore av dei mest framførte i operarepertoaret.

Kjelder

Donald Jay Grout et al.: A History of Western Music, Sixth Edition. New York 2001

Denis Arnold og Hugh Macdonald: «Bizet, Georges (Alexandre César Léopold)», i The Oxford Companion to Music. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/opr/t114/e814 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 27.11.2014]

Hugh Macdonald: «Bizet, Georges», i Grove Music Online. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/51829 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 27.11.2014]

Operabase, statistikk over dei mest framførte operaene i verda: http://operabase.com/visual.cgi?lang=en&splash=t [lesedato 27.11.2012]

Først publisert: 07.08.2015
Sist oppdatert: 11.08.2015