Hopp til innhold
X
Innhald

Giovanni Lorenzo Bernini

Giovanni Lorenzo Bernini, 1598–1680, var italiensk arkitekt, målar og bilethoggar.

Bernini var den fremste representanten for den italienske barokken. Bernini dominerte kunstlivet i Roma under seks pavar, men prega også arkitekturen og skulpturane elles i Europa på 1600-talet. Til hovudverka hans reknar ein fullføringa av Peterskyrkja i Roma, bronsebaldakinen på høgaltaret og Petersplassen (1656–67). Bernini er også kjend for dramatiske og dynamiske skulpturar, og vart stilskapande for portrettkunsten på denne tida.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.10.2016
Sist oppdatert: 05.10.2016