Hopp til innhold
X
Innhald

Gunstein Bakke

Gunstein Bakke er forfattar, diktar og omsetjar. Bakke sin forfattarskap er underfundig og underhaldande, intelligent og avansert.

Gunstein Bakke er fødd 30. mars 1968 i Arendal. Han var student ved Skrivekunstakademiet i Hordaland i 1994–95 og tok cand.mag.-graden ved Universitetet i Oslo i 1995, med mellomfag i litteraturvitskap og fransk, og grunnfag i idéhistorie. Han har arbeidd som journalist ved Norsk Telegrambyrå i 1998–2002, er litterær konsulent for Gyldendal, Samlaget og Aschehoug, og medlem av den norske komiteen til Nordisk råds litteraturpris.

Forfattaren skil seg ut med nyskapande bilete og tankefigurar, original, moderne og grenselaus bruk av språk og sjanger, og utstrekt bruk av poetiske verkemiddel. Han bryt med vanar både i språk og tema, og lagar ordkunst i rike, gåtefulle og sterke tekstar.

Bakke debuterte i 2000 med bokmålsromanen Kontoret. Gjennom hovudpersonen sine assosiasjonar og tankerekkjer stig det fram eit menneskesinn i ubalanse. Romanen Maud og Aud. Ein roman om trafikk (2011) er skriven på nynorsk. I botnen av handlinga ligg ei dødsulukke frå fleire tiår tilbake, der omstenda framleis er uklare. Forfattaren skriv tidvis essayistisk og skildrar i detalj, med heilt nye perspektiv, kva rolle biltrafikken spelar i kvart menneskeliv. Skildringane av tid og samanhengar er inderlege og fabulerande.

Murskueteknikkane (2012) er Bakke si første diktsamling og er skriven på nynorsk. Dikta har utgangspunkt i eit tidlegare sanatorium og ein dement, døyande far. Tekstane leitar fram dei små rørslene i det store biletet og fortel om det vanskelege på ein vakker måte. Romanen Havende (2016) er skriven på bokmål og fortel tre historier om ulike menneskelagnader som på underleg vis heng saman. I vekslinga mellom Moskva i 1860, Groruddalen i 1979 og Mexico i 2013 vert tid, fødsel og død tematisert i eksistensielle refleksjonar.

For Maud og Aud fekk Bakke European Union Prize for Literature i 2012, Melsom-prisen i 2012 og vart nominert til mellom anna Brageprisen. For Havende vart han nominert til Kritikarprisen, P2-lyttarane sin romanpris og Sørlandets litteraturpris. Bakke har i tillegg til eigen produksjon sett om og gjendikta ei rekkje romanar, drama og diktsamlingar av utanlandske forfattarar.

Kjelder

E‑post frå Gunstein Bakke 17.11.2017

Forlaget Oktober: «Gunnstein Bakke», forfattarpresentasjon, oktober.no: http://www.oktober.no/Forfattere/Norske/Bakke-Gunstein [lesedato 20.11.2017]

Peikarar

Anne Cathrine Straume: «Blant årets aller beste», bokmelding av Havende, nrk.no

Trygve Riiser Gundersen: «Dette er en av årets beste (og rareste) bøker», bokmelding av Maud og Aud. Ein roman om trafikk, dagbladet.no 

Først publisert: 06.03.2018
Sist oppdatert: 05.04.2018