Hopp til innhold
Foto: Benedikte Skarvik/ Samlaget
Foto: Benedikte Skarvik/ Samlaget
X
Innhald

Guri Sørumgård Botheim

Guri Sørumgård Botheim, litteraturvitar, forfattar og festspeldiktar under Dei nynorske festspela i 2013, saman med Lars Petter Sveen og Sigrid Sørumgård Botheim.

Guri Sørumgård Botheim er fødd 15. januar 1978 i Lesja i Oppland og bur i Trondheim. Ho er utdanna cand.philol. og har hovudfag i litteraturvitskap frå NTNU i 2005, med ei oppgåve om korleis lyrikaren Gunnar Værness arbeidde då han skreiv diktsamlinga Takk.
Botheim har arbeidd i bokhandel, som kulturkonsulent og timelærar og er avdelingsleiar ved Norsk Forfattersentrum Midt-Noreg i Trondheim.
Saman med systera, Sigrid Sørumgård Botheim, debuterte ho i 2009 med den særeigne romanen Ramstein pensionat. Sigurd Sørheim spionerer på systera si, Debbey, som er i 30-åra og flyttar til Romsdalen då ho arvar eit pensjonat. Romanen er sett saman av mange ulike typar tekstar, er full av humor, alvor og satire om byen, bygda og karakterane i romanen. Viktige tema er syskenkjærleik, einsemd og livet i bygde-Noreg.
I 2011 var Botheim-systrene redaktørar for antologien Søsken, saman med to andre systrer: Kjersti Rognes Solbu og Ingrid Rognes Solbu. Ikkje overraskande handlar bidraga om syskenskap på ulike måtar, mellom anna personleg, naturvitskapleg og skjønnlitterært. Mellom bidragsytarane til antologien er Tomas Espedal, Selma Lønning Aarø, Frode Grytten og Hans Sande.
Botheim har vore med på å arrangere Æ Å Trondheim litteraturfestival, og ho har vore redaktør for litteraturtidsskriftet Ratatosk sidan 2005. Frå 2010 har Botheim hatt fast spalte i Dag og Tid saman med systera.
Kjelder
Forfattaromtale av Guri Sørumgård Botheim på samlaget.no: http://www.samlaget.no/Forfattarar/B/Guri-Soerumgaard-Botheim.aspx [lesedato 10.1.2013]
«Søstre i blekk», intervju med systrene Botheim på studenttorget.no: http://www.studenttorget.no/index.php?show=4662&expand=3797,4662&artikkelid=8494 [lesedato 10.1.2013]
Peikarar

Først publisert: 14.01.2013
Sist oppdatert: 12.11.2018