Hopp til innhold
Foto: Stortinget
Foto: Stortinget
X
Innhald

Haakon Blankenborg

Haakon Blankenborg, avdelingsdirektør i Utanriksdepartementet, var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i seks periodar.

Haakon Blankenborg er fødd 8. april 1955 i Vågå, og han er busett i Lørenskog. Han gjekk på Vinstra vidaregåande skule 1972–75, studerte historie og statsvitskap og vart cand.mag. ved Universitetet i Oslo i 1980.
Blankenborg var vararepresentant til Stortinget for Arbeidarpartiet i Oppland i perioden 1977–81 og vart vald inn på fast plass i 1981. Han sat samanhengande på Stortinget i seks periodar fram til 2005. Frå 2005 til 2010 var han norsk ambassadør i Beograd og har sidan 2011 vore avdelingsdirektør i Utanriksdepartementet, der han er leiar for Vest-Balkan-seksjonen.
Blankenborg var leiar av Fron AUF i 1974–75, leiar av Gudbrandsdalen AUF i 1976–78 og Oppland AUF i 1979–81, og han var medlem av sentralstyret i AUF i 1981–85. Han var leiar for Kyrkje- og undervisningskomiteen på Stortinget i 1986–89, Kommunal- og miljøvernkomiteen i 1990–93 og Utanrikskomiteen i 1993–2000. Frå 1990-åra markerte Blankenborg seg som ein sentral utanrikspolitikar for Arbeidarpartiet. I 2001 var han saksordførar for den viktige stortingsmeldinga Norge og Europa ved inngangen til et nytt århundre, som særleg tok for seg tilhøvet til EU.
I 1978–81 var Blankenborg medlem i representantskapet for Bøndernes Bank. Han var nestleiar i Statens barne- og ungdomsråd i 1982–88 og var varamedlem i Utvalget for menneskerettigheter i 1985–88. Frå 1989 har han vore medlem i styret for Europabevegelsen. Som stortingspolitikar var Blankenborg nynorskbrukar. I perioden 1983–87 var han medlem av styret i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget.
Kjelder
Stortinget i navn og tall 2001–2005. Oslo 2002
Knut Olav Åmås (red.): Hvem er hvem? Oslo 1994
Haakon Blankenborg, «Representanter og komiteer», stortinget.no: http://www.stortinget.no/no/Representanter-og-komiteer/Representantene/Representantfordeling/Representant/?perid=HBL [lesedato 14.10.2012]
«Offisielt fra statsråd 30. september 2005», regjeringen.no: http://www.regjeringen.no/nb/dep/smk/aktuelt/offstatsraad/2005/offisielt-fra-statsrad-30-september-2005.html?id=101907 [lesedato 14.10.2012]
«Offisielt frå statsrådet 30. september 2011», regjeringen.no: http://www.regjeringen.no/nb/dep/smk/aktuelt/offstatsraad/2011/offisielt-fra-statsradet-30-september-20.html?id=656953 [lesedato 14.10.2012]

Først publisert: 07.05.2013
Sist oppdatert: 07.05.2013