Hopp til innhold
Hallvard Bergh
Hallvard Bergh
Foto: Hans H. Lie. Publisert av Lillehammer museum. Nytta etter avtale med museet.
X
Innhald

Hallvard Bergh

Hallvard Arneson Ellestad Bergh, lærar, barnebokforfattar og folkeminnesamlar. Han skreiv både på dialekt, landsmål og riksmål.

Hallvard Ellestad Bergh var fødd 1. desember 1850 i Gol i Hallingdal og døydde 25. april 1922 i Vestre Slidre. Han voks opp på garden Ellestad i Vestre Slidre. Han tok lærareksamen ved Lands lærarskule i 1867, var lærar i heimbygda eit år og drog så til USA. Der var han kyrkjesongar og lærar i Wisconsin eit par år, gjekk på Luther College i Decorah seks vintrar og heldt skule om somrane. I 1876 fekk han studenteksamen. Same hausten reiste han heim til Valdres. Frå 1878 til han søkte avskil i 1913, var han lærar i Høyne og Skjel krinsar i Lomen i Vestre Slidre.
 
Bergh tok tidleg til å samle folkeminne og gav ut fleire samlingar med eventyr, segner, ordtak, lokkar og gåter, dels på dialekt, dels på landsmål, dels på riksmål. I 1879 kom Sogur m.m. fraa Valdris og Hallingdal, i 1882 Nye Folke-Eventyr og Sagn fra Valdres og Hallingdal og i 1886 Nye Folke-Eventyr og Billeder fra Norge.
 
Han skreiv òg barnebøker, mellom anna Reise te versens ende (1889), som vart omsett til fleire språk, Hvorledes Maria sankede pengene (1889) og Fra fjord og lid og fjell. 10 forteljingar (1903). Forteljingane hans vart òg prenta i Norsk Barneblad.
 
Han gav ut diktsamlingane Idyllar fraa dei norske settlementa i Amerika (1915) og Norske dikt i utval (1916, under psevdonymet H. Høyne). I 1913 kom skodespelet Gjente-strid for eigin heim og egtemake.
 
Kjelder
Antor Aure: «Hallvard Bergh 70 aar», Ung-Norig, nr. 12/ 1920
Anton Aure: «Anton Aure. Minneord», Norsk Aarbok 1922
Olav T. Beito: «Hallvard Bergh. Eit hundreårsminne», i Artiklar og taler i utval. Oslo 1979
Tone Birkeland, Gunvor Risa og Karin Beate Vold: Norsk barnelitteraturhistorie. Oslo 2005)
Knut Liestøl: «Berg, Hallvard Ellestad», Norsk biografisk leksikon, bd. 1. Oslo 1923
 
Peikarar
Forfattarside om Hallvard Ellestad Bergh hos Ivar Aasen-tunet         
 

Først publisert: 22.12.2010
Sist oppdatert: 30.04.2013