Hopp til innhold
X
Innhald

Hallvard T. Bjørgum

Hallvard T. Bjørgum, fødd 1956, er spelemann og sølvsmed. Bjørgum kjem frå Rysstad i Setesdal og er son av Torleiv H. Bjørgum. Han driv Sylvartun Folkekunst som mellom anna har ei større hardingfelesamling, og så driv han eige forlag. Bjørgum vann kongepokalen i Landskappleiken i 1982 og 1988. Han held stadig konsertar både nasjonalt og internasjonalt.
Bjørgum er ein tradisjonell formidlar, men også eksperimentell. Han er medspelar på ulike folkemusikkarrangement og var også med i gruppa «Slinkombas». Spellemannprisen har Bjørgum fått tre gonger.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.10.2013
Sist oppdatert: 30.10.2013