Hopp til innhold
X
Innhald

Hanna Relling Berg

Hanna Lovise Relling Berg, journalist og redaktør. Ho har sett sitt preg på Sunnmørsposten gjennom fleire tiår, og i 2007 blei ho den første kvinnelege sjefsredaktøren i avisa.

Hanna Relling Berg er fødd 1. oktober 1958 i Sykkylven. Ho tok examen artium på samfunnsfaglinja ved Stranda vidaregåande skule i 1977, og i 1979 tok ho grunnfag i norsk språk og litteratur ved Høgskulen i Volda. Relling Berg har òg studert musikk, drama og mediefag i Cambridge i Canada, ved School of Creative Ministry (1983).

Relling Berg byrja som journalist i Karmøybladet i 1979 og arbeidde der fram til 1981. Mellom 1981 og 1982 hadde ho eit lærarvikariat ved Hadsel Folkehøgskole på Stokmarknes og arbeidde frilans ein periode etter det. I 1985 byrja ho i Sunnmørsposten, først på lokalkontoret i Ørsta/Volda og frå 1989 på hovudkontoret i Ålesund. Her var ho mellom anna nyhendejournalist (1989–95), reportasjesjef (1997–2002) og kultur- og featureredaktør (2002–07), før ho blei ansvarleg redaktør i 2007. Relling Berg blei då den første kvinnelege redaktøren i den 125 år gamle avisa. Som redaktør har ho vist seg som kunnig og uredd, og ho har vore med på å gjere Sunnmørsposten til ei avis som har nasjonalt og internasjonalt utsyn, men òg godt fotfeste i sunnmørsregionen.

Relling Berg var styremedlem i Norsk Telegrambyrå (NTB) i perioden 2008–15. Frå 2014 var ho styremedlem i Norsk Redaktørforening, og i 2015 blei ho vald til nestleiar i denne foreininga. Ho er òg styremedlem i Norsk Presseforbund, frå 2015.

Kjelder

E-post frå Hanna Relling Berg 30.5.2016

Øyvind Reisegg: «Hanna Relling Berg», Store norske leksikon, snl.no: https://snl.no/Hanna_Relling_Berg [lesedato 18.5.2016]

Peikarar

Judith Sørhus Litlehamar: «Ordstyraren», portrettintervju med Relling Berg i LNK-avisa, 2/2013 (pdf)

Først publisert: 05.01.2017
Sist oppdatert: 10.10.2019