Hopp til innhold
X
Innhald

Hanne Bjurstrøm

Hanne Inger Bjurstrøm, advokat og tidlegare politikar, har vore arbeidsminister for Arbeidarpartiet og er sidan 2016 likestillings- og diskrimineringsombod.

Hanne Bjurstrøm er fødd i Oslo 20. september 1960. Ho tok examen artium ved Hartvig Nissen videregående skole i 1979 og blei cand.jur. frå Universitetet i Oslo i 1987. I 1990 fullførte ho ein mastergrad i internasjonal jus ved London School of Economics and Political Science. Bjurstrøm var tilsett i lovavdelinga i Justisdepartementet i fleire stillingar i perioden 1987 til 1994 og var byrådssekretær i Oslo i 1994–95. Seinare arbeidde ho som advokat i Aker RGI frå 1995 til 1997 og hos Regjeringsadvokaten frå 1997 til 2000. Frå 2000 til 2003 var ho dommar og nestleiar i Arbeidsretten, frå 2003 seniorrådgivar i Miljødepartementet og frå 2007 spesialrådgivar og forhandlingsleiar for Noreg i dei internasjonale klimaforhandlingane.

I oktober 2009 blei Bjurstrøm statsråd i Jens Stoltenbergs andre regjering, først med oppgåva å assistere miljøvernministeren i dei internasjonale klimaforhandlingane og frå desember 2009 til 2012 som arbeidsminister.

I tida hennar som arbeidsminister blei det mellom anna gjort ein ny avtale med partane i arbeidslivet om inkluderande arbeidsliv, i 2010. Ei uførereform som inkluderer ny uføretrygd og ny alderspensjon til uføre, blei lagd fram i 2011. Bjurstrøm arbeidde òg ut tiltak mot sosial dumping.

Etter statsrådsperioden gjekk Bjurstrøm attende til Klima- og miljøverndepartementet som spesialutsending for klima. Frå 2013 er ho partnar i advokatfirmaet Arntzen de Besche AS i Oslo. I oktober 2015 blei ho utnemnd til likestillings- og diskrimineringsombod.

Kjelder

Arbeids- og inkluderingsdepartementet: «Tidligere arbeidsminister Hanne Bjurstrøm (Ap)», regjeringen.no: https://www.regjeringen.no/no/dokumentarkiv/stoltenberg-ii/aid/personer-og-enheter/minister/2009/arbeidsminister-hanne-bjurstrom/id588975/ [lesedato 10.1.2016]

Peikarar

Arbeids- og inkluderingsdepartementet: «Hanne Bjurstrøm ny arbeidsminister», regjeringen.no, publisert 20.10.2009

Karen Tjernshaugen: «Ap-statsråd blir nytt likestillingsombud», Aftenposten 23.10.2015

Først publisert: 01.11.2016
Sist oppdatert: 01.11.2016