Hopp til innhold
X
Innhald

Hanne Bramness

Hanne Bramness, norsk lyrikar, barnebokforfattar og gjendiktar, som debuterte i 1983 med diktsamlinga Korrespondanse. Ho har fått ei rad prisar for ein allsidig og kritikarrost forfattarskap.

Hanne Bramness er fødd 3. april 1959 i Oslo. Ho bur i Sunde i Sunnhordaland. Bramness har studert ved Universitetet i Oslo, der ho blei cand.mag. med faga nordisk, engelsk og lingvistikk (1984), før ho tok American studies ved King's College i London (1984–88).

Ho debuterte som lyrikar i 1983 med diktsamlinga Korrespondanse, og sidan har ho gitt ut mange bøker med eigne dikt og dikt som ho har gjendikta frå andre språk. Ho har også gitt ut antologiar og forteljande prosa.

Diktsamlingane til Bramness krinsar rundt tema som tid og minne, men også om vennskap og ein lengt etter noko som har gått tapt. Dikta vender seg mot lesaren med utfordrande spørsmål, og ho leitar etter eit konkret språk, som ser røyndommen slik han eigentleg er. I den kritikarroste diktsamlinga Nattens kontinent, frå 1992, finn vi modernistiske motsetningspar som fråvær og nærvær, innsikt og blindskap. Bramness skriv lyrikk både på nynorsk og på bokmål.

Bramness har også gitt ut ungdomsnoveller i samlinga Kysset (1999) og alfabetdikt for barn i Trollmåne (2001).

I tillegg til å skrive eigne tekstar har Bramness gjendikta lyrikk av mellom anna William Blake, Denise Levertov, Gerður Kristný Guðdjónsdóttir og fleire japanske og kinesiske poetar. Bramness var initiativtakar og redaktør for serien Stemmens kontinent (1999–2007), der ho presenterer internasjonale kvinnelege lyrikarar. I 2007 etablerte ho Nordsjøforlaget, som gir ut lyrikk for barn og vaksne frå landa kring Nordsjøen, gjendikta til nynorsk og bokmål.

For den allsidige forfattarskapen sin fekk Bramness Den norske Lyrikklubbens pris i 1996, i 2006 fekk ho Doblougprisen, i 2012 poesiformidlingsprisen Wergelands åre og i 2014 Språklig samlings litteraturpris. I 2016 fekk ho den litterære prisen Diktartavla.

Kjelder

E‑post frå Hanne Bramness 1.5.2017

«Hanne Bramness», forfattarside, nrk.no: http://www.nrk.no/nyheter/kultur/forfattere/2500025.html [lesedato 12.4.2017]

«Hanne Bramness», forfattarside, cappelendamm.no: https://www.cappelendamm.no/forfattere/Hanne%20Bramness-scid:284 [lesedato 12.4.2017]

«Hanne Bramness», forfattarside, forfatterkatalogen.no: http://www.forfatterkatalogen.no/forfattere/hanne-bramness/ [lesedato 12.4.2017]

Peikarar 

Bokstaver.no: «Språklig samlings litteraturpris 2014 tildelt Hanne Bramness» 

Først publisert: 11.05.2017
Sist oppdatert: 11.05.2017