Hopp til innhold
Harald Baldersheim. Foto: UiO. Pressefoto, fri bruk.
Harald Baldersheim. Foto: UiO. Pressefoto, fri bruk.
X
Innhald

Harald Baldersheim

Harald Baldersheim, professor emeritus i statsvitskap. Han har sett søkjelyset på lokaldemokrati og åtvara mot minkande deltaking i politikken.

Harald Baldersheim er fødd i Etne i Sunnhordland 18. januar 1944. Han tok hovudfag i statsvitskap ved Universitetet i Oslo i 1971 og doktorgrad ved London School of Economics i 1977. Frå 1977 til 1995 var han professor i offentleg administrasjon ved Universitetet i Bergen og frå 1995 til 2014 professor i statsvitskap ved Universitetet i Oslo. Han har vore forskingssjef ved Norsk senter for forsking i leiing, organisasjon og styring, instituttsjef ved Norsk institutt for by- og regionforsking og leiar for Demokratiprogrammet ved Universitetet i Oslo i 2010–14. Frå 2000 til 2013 var han rådgivar for Europarådet i spørsmål om demokratibygging i Afrika og Aust-Europa.

Baldersheim har over fleire tiår forska på politikk og forvaltning i kommunane. Han konstaterer at medlemstalet i dei politiske partia og frammøtet ved lokalvala har gått sterkt tilbake, at banda mellom veljarane og dei folkevalde er svekt, og at handlingsrommet for sjølvstyre har skrumpa. Utviklinga ser ikkje ut til å uroe innbyggjarane. I rapporten «Den krevende borger» (2011) spør Baldersheim, Pettersen og Rose kva slags kommune folk vil ha. Svaret er at gode tenestetilbod er viktigare enn lokal handlefridom og deltaking i politikken. Den tilfredse forbrukaren fortrengjer idealet om den aktive medborgaren.

I artikkelen «Lokaldemokrati i hopehavsfella – og vegen ut» (2017) slår han fast at geografisk avstand til dei folkevalde spelar inn på den politiske deltakinga, og at små kommunar kjem betre ut enn store. Organisasjonsforsking dokumenterer at di større organisasjon, di meir byråkrati, og Baldersheim åtvarar mot at nærdemokratiet kan verte skadelidande når kommunar vert slegne saman. Han minner om at medborgaridealet er ein kjerneverdi ved demokratiet. Kommunen har behov for aktive borgarar som kan stille politikarane til ansvar. Utan dette korrektivet kan legitimiteten til kommunane minke.

Kjelder

E‑post frå Harald Baldersheim 14.6.2017

Harald Baldersheim og Øyvind Østerud (red.): Det norske demokratiet i det 21.århundre. Oslo 2014

Harald Baldersheim: «Lokaldemokrati i hopehavsfella – og vegen ut». Syn og Segn nr. 1/2017, synogsegn.no: http://www.synogsegn.no/artiklar/2017/utg%C3%A5ve-1-17/harald-baldersheim/ [lesedato 3.2.2018]

Harald Baldersheim, Per Arnt Pettersen og Lawrence E. Rose: «Den krevende borger. Utfordringer for demokrati og tjenesteyting i kommunene». Dokumentasjonsrapport 2011, docplayer.me: http://docplayer.me/39583222-Den-krevende-borger-utfordringer-for-demokrati-og-tjenesteyting-i-kommunene-harald-baldersheim-per-arnt-pettersen-og-lawrence-e.html [lesedato 3.2.2018]

Peikarar

NRK radio: «Hva gjør et lokaldemokrati godt?» Intervju med Harald Baldersheim, minutt 25–35, nrk.no https://radio.nrk.no/serie/verdiboersen/MKTR04001615/18-04-2015#t=3m22s

Først publisert: 09.08.2018
Sist oppdatert: 09.08.2018