Hopp til innhold
X
Innhald

Harald Bøe

Harald Bøe, lærar, rektor og næringslivsjournalist i NRK Rogaland og NRK Dagsnytt, med ei markant nynorskrøyst i nesten 30 år.

Harald Bøe er fødd i 1939 i Finnøy i Rogaland. Han er utdanna jern- og metallarbeidar og arbeidde òg som flymekanikar før han tok lærarskulen. Han arbeidde som lærar i Sola kommune, og mellom 1970 og 1977 var han rektor ved Vikeså skule i Bjerkreim kommune. I 1977–84 arbeidde han i NRK Rogaland og i 1984–89 i NRK Dagsnytt i Oslo som vaktsjef og nyhendeopplesar. Harald Bøe var knytt til økonomi- og næringslivsredaksjonen i NRK Dagsnytt, med tilhald i Rogaland, fram til 2006, men sjølv etter at han blei pensjonist, har han halde fram med å kommentere nyhende frå oljebransjen.

Bøe bruker nynorsk som journalist i petroleumsbransjen, eit fagområde der engelsk er mykje brukt. Røysta hans er attkjenneleg for mange, det er ikkje nødvendigvis ansiktet hans som er mest sett i media. Bøe formidlar nyhende om oljenæringa på eit språk folk kan forstå, om dei arbeider i bransjen eller ikkje, og han har gjort ein viktig pionerarbeid for norsk fagspråk innanfor oljefeltet.

Bøe fekk Kringkastingsprisen i 2006, med den grunngivinga at han formidlar «kompliserte nyhende på ein lett og godt nynorsk, samstundes som han formidlar stoffet på ein lettfatteleg måte». Han er styremedlem i Fogn Grendalag frå 2015.

Kjelder

Mari Rollag Evensen: «Språkpris til Harald Bøe», dagsavisen.no: http://www.dagsavisen.no/stavanger/sprakpris-til-harald-boe-1.481770 [lesedato 7.6.2016]

Pål Espen M. Kilstad, Oljedirektoratet: «Bøe går fra borde», npd.no: http://www.npd.no/Publikasjoner/Norsk-sokkel/Nr3-2006/Boe-gar-fra-borde/ [lesedato 7.6.2016]

Peikarar

«Harald Bøe kommenterer oljefunn», video, nrk.no

NTB: «Kringkastingsprisen til Harald Bøe», bt.no 

Først publisert: 11.05.2017
Sist oppdatert: 11.05.2017