Hopp til innhold
X
Innhald

Hauk Buen

Hauk Buen er ein av våre mest framifrå og avhaldne hardingfelespelemenn. Han driv familiegarden i Jondalen i Buskerud, vidarefører telemarksspelet og held konsertar med eige feler i inn- og utland.

Hauk Buen er fødd 11. mai 1933 i Jondalen, i dåverande Gransherad, men noverande Kongsberg kommune. Han høyrer til ei sentral norsk folkemusikkslekt, som son av spelemannen Anders Buen og kvedaren Margit Buen og eldre bror av tradisjonsmusikarane Knut Buen og Agnes Buen Garnås.

Det er hovudsakleg hardingfeletradisjonen i Aust-Telemark Buen har tradert og formidla. Og særleg er det speltradisjonen etter Svein Løndal (Tuddal), Lars Fykerud (Sauherad) og Johannes Dahle (Tinn) Buen har ført vidare og utvikla. Også som felemakar har Buen vorte kjend.

Saman med broren Knut har han gitt ut fleire album med slåttar etter legendariske hardingfelespelemenn, mellom anna Myllargutens minne (1992) og Fykerud'n (1992), som fekk spellemannpris i 1992.

Buen har vunne Landskappleiken fleire gonger. I 2003 fekk han tildelt Kongens fortenestemedalje i gull.

 

Kjelder

Anne Hytta: «Hauk Buen: Høvdingen av hardingfela», ballade.no, publisert 31.8.2005: http://www.ballade.no/sak/hauk-buen-hovdingen-av-hardingfela/ [lesedato 18.8.2017]

Store norske leksikon: «Hauk Buen», snl.no, sist oppdatert 14.6.2015: https://snl.no/Hauk_Buen [lesedato 18.8.2017]

Først publisert: 18.10.2017
Sist oppdatert: 13.11.2018