Hopp til innhold
Portrett av Heidi Bonde. Foto: Cappelen Damm.
Portrett av Heidi Bonde. Foto: Cappelen Damm.
X
Innhald

Heidi Bonde

Heidi Bonde, fødd i 1954, er forfattar som skriv lyrikk og romanar.

Heidi Bonde, fødd i 1954, er ein forfattar med sikker sans for klangfargar og rytmikk. Ho debuterte i 1988 med diktsamlinga Lucifers munn og gav vidare ut I dette rom planter jeg en hegg (1990), September (1991), Svømmeskolen (1994), Oktobermusikantene (1995), Øvelse i det soleklare (1997) og Fabelaktige forhold (1999). Bonde har òg skrive romanane Detaljenes diktatur (1996), Fortellingen om fregatten Felicia (1998) og Marsipangrisen (2000).

Saman med Rune Christiansen gjendikta ho i 1995 samlinga Annerledes av den italienske poeten Eugenio Montale.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.04.2016
Sist oppdatert: 21.04.2016