Hopp til innhold
X
Innhald

Heinrich Johann Ignaz Franz Biber

Heinrich Johann Ignaz Franz Biber, 1644–1704, var austerriksk fiolinist og komponist med tsjekkisk opphav. Biber var kjend for den virtuose teknikken sin. I verka hans er fiolinstemma ofte forsynt med «scordature» (omstemming) og dobbeltgrep. Dei 15 såkalla «Rosenkranssonatane» hans står som ein milepåle.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 29.04.2014