Hopp til innhold
X
Innhald

Helene Bøksle

Helene Bøksle, norsk songar som kombinerer tradisjonelle folketonar med popmusikk.

Helene Bøksle er fødd 1. april 1981 i Mandal i Vest-Agder og bur no i Oslo. Ho studerte ved Nordisk Institutt for Scene og Studio i 2000–01.
Allereie i førskulealderen vart ho kjend med tradisjonelle nordiske folketonar, mellom anna gjennom faren, Ivar Bøksle. Etter kvart vart ho òg kjend med musikken til songaren Anne Karin Kaasa frå Setesdal, som vart ei stor inspirasjonskjelde. Bøksle fekk mykje sceneerfaring i ung alder. Ho hadde store roller i oppsetjinga om Kaptein Sabeltann (1998–99) og i Vildanden (2002).
Eit musikalsk gjennombrot for Bøksle var då ho song ein moderne versjon av mellomalderballaden «Heiemo og Nøkken» i Kjempesjansen på NRK i 2003. Her fekk ho fram eit særtrekk ved musikken sin, at ho kombinerer tradisjonell folkemusikk med vise- og popsjangeren.
Frå debutalbumet Elverhøy (2006) vart songen «Natta vi har» nominert til Spelemannsprisen i kategorien «Beste vise». Albumet Morild kom i 2009, og det er eit samarbeid mellom Bøksle og folkemusikkgruppa Baltic Crossing. Samstundes var ho med på å lage musikken til det verdskjende dataspelet «Age of Conan», som mellom anna vann Hollywood Music Awards for beste spelmusikk. Same året gav ho ut julealbumet Det hev ei rose sprunge.
Helene Bøksle har hatt musikalsk samarbeid med ei rekke kjende namn innanfor tradisjonsmusikken, til dømes Anne Karin Kaasa og Jens Grossvold, og popband og ‑artistar som Vamp, Bjørn Eidsvåg og Kurt Nilsen.
Kjelder
E‑post frå Helene Bøksle 11.5.2012
Nettstaden til Helene Bøksle, heleneboksle.no: http://www.heleneboksle.no/nor/pages/1-nyheter [lesedato 5.3.2012]
Ann-Sofi S. Emilsen: «Helene Bøksle», rockipedia.no: http://www.rockheim.no/mediateket/biografier/helene_b%C3%B8ksle/ [lesedato 5.3.2012]
Helene Bøksle, Kulturservice, bart.idium.no: http://bart.idium.no/oyak.tmp/d4WznwZjK0X.6.idium [lesedato 1.7.2012]

Først publisert: 18.12.2012
Sist oppdatert: 04.01.2013