Hopp til innhold
X
Innhald

Helga Botn

Helga Botn, sopran, har utmerka seg innanfor operasjangeren med ei rekkje lyriske roller.

Helga Botn er fødd 18. februar 1958 i Volda. Ho har vore elev ved Toneheim folkehøgskole (1977–78) og har utdanning frå lærarhøgskulen i Hamar (1978–81) og Bergen musikkonservatorium (1981–82). I perioden 1982–1986 studerte ho ved Noregs musikkhøgskole, med Aase Nordmo Løvberg som lærar. I 1986 debuterte ho i Universitetets aula.
Botn har sidan arbeidd innanfor ei rekkje musikalske sjangrar, men har vore oftast å sjå på operascena. Mellom dei viktigaste rollene hennar er Solveig i Peer Gynt ved Gålåvatnet (1993–94), Eliza Doolittle i My Fair Lady ved Den Norske Opera (1996) og Adele i Flaggermusen i oppsetjingar ved Den Norske Opera og Opera Nordfjord. Botn har òg samarbeidd med mange av dei norske symfoniorkestra og har halde ei rekkje kammerkonsertar i Noreg.
Ho har dessutan engasjert seg innanfor jazz-sjangeren, mellom anna som solist med Ytre Suløens Jass-ensemble og Ophelia Ragtime Orchestra.
Botn er elles aktiv som lærar. Ho underviste ved Noregs musikkhøgskole i 2004 og ved Institutt for musikkvitskap i Oslo i 2008–2009. Sidan 2002 har ho vore songpedagog ved Statens Teaterhøgskole.
Kjelder
E-post frå Helga Botn
E-post frå Pro Arte, artistbyrå

Først publisert: 03.05.2010
Sist oppdatert: 12.04.2012