Hopp til innhold
Helge Arild Bolstad. Foto: Dag og Tid, med løyve for Allkunne.
Helge Arild Bolstad. Foto: Dag og Tid, med løyve for Allkunne.
X
Innhald

Helge Arild Bolstad

Helge Arild Bolstad, journalist. I ni år redigerte han nynorskavisa Dag og Tid, halve tida som eineredaktør.

Helge Arild Bolstad var fødd 22. januar 1946 på Dale i Vaksdal kommune i Hordaland og døydde 5. april 2015. Han tok artium på engelsklina ved Bergen Katedralskole i 1966 og byrja på jusstudium ved Universitetet i Oslo utan å ta eksamen før han tok til som journalist.

Læretida som journalist fekk han på Nynorsk Pressekontor frå 1970 under redaktør Aani Rysstad jr. Han arbeidde på kontoret ut 1974. I 1975 vart han tilsett som redaktør for den nyskipa avisa Setesdølen, men slutta før året var omme, og var så frå 1976 til 1985 redaktør i Dag og Tid.
Dei første åra styrte han avisa saman med Tor Gabrielsen, Bjarne Myrstad og Ketil Tandstad. Det var ein kreativ periode i avisa sitt liv. Frå 1980 var han eineredaktør. Han var den første i avisa si historie som var eineredaktør over lengre tid. Etter eit år som frilansjournalist arbeidde han så i 1986 i Bergens Arbeiderblad, deretter 21 år i avisa Fiskaren i Bergen, fram til 2008. Bolstad var ein språkmedviten nynorskjournalist.
I 2002 redigerte Bolstad boka Plukkfisk – norsk humor i fem akter, eit utval frå humorspalta «Plukkfisk» i Fiskaren. Han var skuggeskrivar, «ghostwriter», for Osmund Faremo i boka Takk for livet, Emil, som kom ut i 1987, og har skrive dikt og songar tonesette og framførte av Vestlands-bandet Aftenlandet. Fire songar er med på albumet Morgon i mai frå 1998. Bolstad er òg representert i antologien Dikting frå Jølster, utgitt i 1995.
Kjelder
Helge Arild Bolstad, e-post 13. november 2012
Ann Eileen Ditlevsen Nygård og Ketil Svendsen (red.): Festskrift til den seniore Helge Arild Bolstad. 2008
Jan Eggum, Bård Ose og Siren Steen (red.): Norsk pop & rockleksikon. Populærmusikk i hundre år.
Oslo 2005
Idar Flo (red.): Norsk presses historie, bd. 4. Oslo 2010
Aage Førde mfl. (red.): Dikting frå Jølster. Jølster Mållag 1995
Ottar Grepstad: Avisene som utvida Noreg. Oslo 2010
Daniel Liseth: «'-bols' tek forvel med Dag og Tid», Dag og Tid, 29.8.1985
Kjersti Mjør: «Rock'n' roll over Aftenlandet». Bergens Tidende 20.1.1998


Harald Stanghelle e.al.: "Nekrolog: Helge Arild Bolstad": Aftenposten 23.4.2015

Peikarar

Først publisert: 22.01.2013
Sist oppdatert: 19.02.2016