Hopp til innhold
X
Innhald

Henri Bergson

Henri Bergson, 1859–1941, var fransk filosof med polsk-jødisk bakgrunn. Han fekk nobelprisen i litteratur i 1927.
 
Bergson påstod at livet er i stadig endring og fornying, i "skapande utvikling". Erkjenninga skjer gjennom ei særleg innsikt eller ein synsmåte ("intuisjonen"), ikkje gjennom den vitskaplege forstanden. I religionsfilosofien framhevar han mystikarane. Glansperioden til "Bergsonismen" var i mellomkrigstida.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 03.08.2012
Sist oppdatert: 03.08.2012