Hopp til innhold
X
Innhald

Herborg Bryn

Herborg Bryn, journalist, programleiar og kommunikasjonsarbeidar. Ho var som kanalsjef for NRK P2 sentral i utviklinga av radiokanalen sin profil.

Herborg Bryn er fødd 3. september 1957 på Voss. Ho har lærarutdanning frå Høgskulen i Sogn og Fjordane (1976–1979), tok examen philosophicum ved Universitetet i Oslo (1979/80) og gjennomførte journalistutdanning ved Høgskulen i Volda (1981–1983).
I 1984 fekk Bryn sitt første engasjement for NRK. Her arbeidde ho gjennom 15 år som vaktsjef, redaksjonssjef, programleiar og reporter. Framfor alt har ho arbeidd i NRK P2, med nyhendeprogram som Ungdommens Radioavis og Her og nå, og som prosjektleiar for Underholdningsavdelingen og andre kulturprogram. Mellom 2005 og 2009 var ho kanalsjef for NRK P2.
Bryn har ikkje berre arbeidd med journalistikk. Ho har òg vore informasjonsmedarbeidar. Frå 1998 til 2005 var ho kommunikasjonssjef i den norske Raudekrossen der spørsmål kring krigføringa under konflikten i Midtausten stod sentralt. I løpet av denne perioden tok Bryn hovudkurs ved Forsvarets høgskole (2001) og eit deltidsstudium i fleirkulturell forståing 2008/09 ved Høgskolen i Oslo.
I 2009 vart Bryn tilsett som kommunikasjonsdirektør i Den Norske Legeforening.
Kjelde
E-post frå Herborg Bryn
Peikarar
Omtale av Herborg Bryn på nettsidene til Den Norske Legeforening

Først publisert: 26.04.2010
Sist oppdatert: 29.04.2013