Hopp til innhold
Grafisk trykk som viser Hildegard von Bingen. Gravert av William Marshall. Kjelde: Wellcome Collection. CC BY 4.0.
Grafisk trykk som viser Hildegard von Bingen. Gravert av William Marshall. Kjelde: Wellcome Collection. CC BY 4.0.
X
Innhald

Hildegard von Bingen

Hildegard von Bingen, 1098–1179, var ei tysk benediktinarnonne som er kjend for profetiske tekstar og for breva sine. 

Hildegard von Bingen teikna og bygde eit eige kloster nær Bingen i Tyskland. 

von Bingen forkasta læra om kvinna som ein deformert mann, og gav Gud kvinnelege eigenskapar. Ho drog på mange reiser for å reformere kyrkjelivet. 

von Bingen var mystikar, og er òg kjent for kunnskapane om astronomi og naturvitskap. Ho var òg ein omtykt komponist.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 21.03.2012
Sist oppdatert: 07.09.2017