Hopp til innhold

Inge Bremnes

Inge Bremnes, artist og låtskrivar frå Kvæfjord som lagar atmosfærisk populærmusikk på nordnorsk.

Inge Bremnes er fødd 12. oktober 1991 i Kvæfjord i Troms og bur i Oslo. Han er son til artisten Ola Bremnes og bror til artisten Kaja Bremnes. Frå 2008 til 2011 gjekk han musikklinja ved Heggen videregående skole i Harstad. Frå 2013 til 2015 var han student ved Liverpool Institute for Performing Arts.

Bremnes debuterte med låten «Sne» i 2014. Poplåtar som «Ka du håpa på» (2015) og «Ikaros» (2016) oppnådde mykje speletid på norske radiokanalar. Den sistnemnde låten er også med på debutalbumet Mellomspill, som kom i 2017. I 2018 gav Bremnes ut singlane «Himmelblå» og «La det vær», som òg vart mykje spela i radio.

Låtane på Mellomspill handlar om overgangane i livet vårt, som kan vere både fine og triste. Tekstuniverset til Bremnes krinsar rundt konkrete handlingar om folk ein møter på trikken, eller dei skildrar ei kjensle. Melodiane har mykje klang og harmoni og kan kallast atmosfærisk populærmusikk. Musikkmeldarane roser Bremnes for korleis han nyttar kontrasten mellom det stillferdige og det kraftfulle. Både i tekst, melodi og formidling er Bremnes i slektskap med artisten Moddi og rockebandet Kråkesølv, som òg er frå Nord-Noreg.

Video: Inge Bremnes, «Himmelblå», youtube.com.

Kjelder

E-post frå Inge Bremnes 28.8.2018

Nettstaden til Inge Bremnes, ingebremnes.com: http://www.ingebremnes.com/ [lesedato 26.8.18]

Bent Inge Hvitstein: «Intervju med Inge Bremnes: – Jeg er veldig opptatt av formidling», blogg.deichmann.no/musikk: https://blogg.deichman.no/musikk/2017/02/16/intervju-med-inge-bremnes-jeg-er-veldig-opptatt-av-formidling/ [lesedato 26.8.2018]

Først publisert: 12.02.2019
Sist oppdatert: 12.02.2019