Hopp til innhold
X
Innhald

Ingebjørg Bratland

Ingebjørg Harman Bratland, songar og folkemusikar frå Vinje som syng på nynorsk og dialekt. Med ei særmerkt formidling blandar ho element frå folkemusikktradisjonen, visesongen og populærmusikken.

Ingebjørg Harman Bratland er fødd 8. mai 1990 i Edland i Vinje kommune i Telemark og bur no i Oslo.

Ho gjekk på musikklinja ved Skien videregående skole frå 2006 til 2008, før ho tok det tredje året på musikklinja ved Foss videregående skole i Oslo.

Bratland har utmerkt seg med fleire prisar for formidlinga si av norsk folkemusikk. Som kvedar har ho tre sigrar i C‑klassa på Landskappleiken. Under NM i folkemusikk på Geilo i 2009 tok ho førsteplassen i vokal i klasse A. I 2009 vart ho i tillegg nordisk meister i folkemusikk.

På albuma Berre meg (2014) og Månesinn (2015) syng Bratland songar med verkemiddel frå visetradisjonen, kvedartradisjonen og populærmusikken. Ho skriv tekstar sjølv, men nyttar òg tekstar av til dømes Ingvar Hovland, Stein Versto og Bob Dylan. Bratland har vore med på fleire plateutgivingar og nasjonale konsertar. Saman med Odd Nordstoga fekk ho Spelemannsprisen for albumet Heimanfrå (2013).

Bratland fekk Fureprisen i 2010. I 2013 fekk ho kulturprisen i Vinje kommune.

Video frå Bratland og Odd Nordstoga frå samarbeidsprosjektet Heimanfrå.

Folkemusikaren

Bratland starta songopplæringa i femårsalderen, då ho gjennom Vinje kulturskule vart introdusert for folkemusikken av læraren, Ellen Nordstoga. Her gjekk ho fram til ho var ti år gamal. Bratland var eit stort musikalsk talent, og ho vart tidleg ein viktig aktør innanfor norsk folkemusikk.

Gjennom landskappleikar og andre arenaer for folkemusikk har kvedaren Bratland vunne mange utmerkingar. Folkemusikken tek ho òg med seg inn i nye musikalske sjangrar. Med røter i den norske kvedartradisjonen utfordrar Bratland folkemusikken med nye impulsar. Sjølv om kvedaren med dei karakteristiske og særmerkte trillene er til stades i songen, kan musikken til Bratland best plasserast innanfor visesjangeren. I tillegg nyttar ho fleire verkemiddel frå populærmusikken. I songar som «Vink», «Stjernene» og «Ein liten song» frå albumet Månesinn er mellom anna keyboardet eit viktig instrument.

Tekstane

Tekstuniverset i songane til Bratland har tydelege røter i tradisjonsmaterialet. Ho bruker verkemiddel frå folkevisene, som i songane «Strandefjell» (2014) og «Ljos» (2015). Bratland syng gjerne om kjærleik, røter og dei nære tinga. Både songmaterialet og syngjemåten er jordnær og forsiktig, lik ei mor som syng for borna sine. Bratland syng på nynorsk og vinjedialekt.

På albumet Berre meg (2013) låner Bratland tekstar frå andre, til dømes lyrikarane Ingvar Hovland, Stein Versto og Hilde Myklebust, og frå salmediktaren Ivar Aartun i «Kom, Jesus lys din fred». Espen Lind har skrive melodiane. På albumet Månesinn (2015) har Bratland skrive tekstar og melodiar sjølv.

Bratland set òg om utanlandske tekstar til nynorsk. Dei mykje spela songane «På avstand» (2014) og «Fordi eg elskar deg» (2015) er originalt skrivne av amerikanarane Julie Gold og Bob Dylan.

Sjå og høyr "Fordi eg elskar deg":

Nasjonal artist

Bratland har vore med på fleire plateutgivingar i ulike sjangrar saman med andre artistar. Ho song tittelsongen til adventsserien «Jul i Svingen» på NRK (2006). Versjonen hennar av «Mitt hjerte alltid vanker», av Hans Adolph Brorson, på salmealbumet Sorgen og gleden (2008) har vorte ei mykje brukt tolking av den gamle julesalmen. Hennar eigen julesong, «Klokkene kallar» (2014) vart på kort tid etablert som ein norsk juleklassikar.

Med samarbeidsprosjektet og albumet Heimanfrå (2013) tek Bratland og sambygdingen Odd Nordstoga tak i folketonar og historiske forteljingar frå heimbygda Vinje. Duoen fekk gullplate for over 20 000 selde album, og dei fekk Spelemannsprisen i kategorien folkemusikk/tradisjonsmusikk for prosjektet.

Kjelder

E‑post frå Ingebjørg Bratland 20.11.2011

Espen Tørset: «Berre Ingebjørg», Jul i Trøndelag 2014

«Ingebjørg Bratland», biografi, rockipedia.no: https://www.rockipedia.no/artister/ingebjorg_bratland-32860/ [lesedato 17.12.2015]

Peikarar

Nettstaden til Ingebjørg Bratland

Først publisert: 13.02.2012
Sist oppdatert: 22.06.2016