Hopp til innhold
X
Innhald

Ingeborg L. Bø

Ingeborg L. Bø (1898–1995) frå Rauma var lærar og forfattar. Ho debuterte med barneboka Barnas verden i 1951 og gjekk over til nynorsk med Tvillingane i 1957. 

Ho skreiv to barnebøker til og gav ut fleire romanar, mellom anna Eit merke på skoglaust fjell, der ho tek opp spenninga mellom jordvern og storsamfunnet sine krav. Den siste boka hennar var ei diktsamling, som kom da ho var 87 år. Bø var også aktiv som skribent i lokalhistoriske publikasjonar.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 15.10.2018
Sist oppdatert: 15.10.2018