Hopp til innhold
X
Innhald

Ingrid Bjørnov

Ingrid Bjørnov, fødd 1963, er songar, pianist, kapellmeister og komponist. Bjørnov utgjorde saman med Benedicte Adrian Mouton duoen Dollie de Luxe. Saman gav dei ut fleire plater og sette også opp musikalen Witch Witch i London.
 
Bjørnov har gitt ut soloalbuma Eskorteservice (2002) og Forklaring følger (2011). Ho har hatt ei rekkje sceneframsyningar, mellom annna Klassisk hærverk (2003), som hadde stor suksess. Tekstane til Bjørnov er humoristiske og satiriske.

Ho har også vore programleiar i NRK radio og tv og har gitt ut fleire bøker, mellom anna Ingrid Bjørnovs pianobok (2005) og Lakse-enka, nødskrik fra en tørrflue (2007).
 
Sjå klipp frå Ingrid Bjørnov: Klassisk hærverk
 
 
 
 
Sjå Dollie de Luxe frå 1984: Lenge leve livet, frå Melodi Grand Prix:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.10.2013
Sist oppdatert: 30.10.2013