Hopp til innhold
X
Innhald

Ingrid Bolsø Berdal

Ingrid Bolsø Berdal, prisløna skodespelar som har tolka allsidige roller på teater og i film.

Ingrid Bolsø Berdal er fødd 2. mars 1980 i Inderøy kommune i Nord-Trøndelag. Ho bur i Oslo. Bolsø Berdal gjekk musikklina ved Inderøy videregående skole i 1996–99, før ho tok musikkfag ved NTNU, universitetet i Trondheim, i 1999–2001. Ho tok skodespelarutdanning ved Statens Teaterhøgskole i 2001–04.

I 2004 debuterte ho ved Det Norske Teatret i Oslo med stykket Ned til sol. Seinare har ho spela i fleire oppsetjingar ved det same teateret, til dømes i Svart mjølk av Vassilij Sigarev (2004), Bikubesong av Frode Grytten (2005) og monologen Fraülein Else av Arthur Schnitzler (2011). Bolsø Berdal har òg spela hovudrolla i Kristin Lavransdatter av Sigrid Undset under Kristindagene på Sel i Oppland (2004–05).

Debuten som filmskodespelar kom i 2006 i filmen Gymnaslærer Pedersen. Den første hovudrolla var som Jannicke i skrekkfilmen Fritt vilt (2007), og sidan har ho gjerne spela modige og sjølvstendige karakterar både i filmar og i fjernsynsseriar. Ho har hatt hovudroller i filmar som De gales hus (2008) og Svik (2009), og i fjernsynsseriar som Kodenavn Hunter 1 og 2 (2007–08) og Hellfjord (2012). Stemma hennar kan i tillegg høyrast i NRK Radioteateret, til dømes i Din eneste venn (2010). Berdal har òg hatt roller i fleire amerikanske produksjonar, mellom anna i filmen Hercules (2014) og i nettfjernsynsserien Westworld (2016–). 

Dei allsidige skodespelarprestasjonane hennar har ført til fleire prisar. Ho vann Heddaprisen som Årets debutant i 2005 og Amandaprisen som beste kvinnelege skodespelar for rolla i filmen Fritt vilt i 2007. I 2008 fekk ho Inderøy kommunes kulturpris.

Bolsø Berdal har eit bevisst forhold til dialektbruken sin, og det har ho fått mykje ros for. I 2007 fekk ho Norsk Målungdoms dialektpris.

Kjelder

Ingrid Bolsø Berdal, offisiell heimeside, ingridbb.comhttp://www.ingridbb.com/ [lesedato 11.3.2013]

«Ingrid Bolsø Berdal», biografi, imdb.comhttp://www.imdb.com/name/nm2070336/bio [lesedato 12.3.2013]

Vegard Enlid: «Høstjakta er i gang», Adresseavisen 9.10.2008, adressa.nohttp://www.adressa.no/kultur/film/article1167231.ece [lesedato 21.5.2013]

Peikarar

«Ingrid Bolsø Berdal», filmweb.no

Oversikt over spelte stykker hos Det Norske Teatret

Først publisert: 09.10.2013
Sist oppdatert: 04.01.2018