Hopp til innhold

Ingvar Bøhn

Peter Ingvar Bøhn, folkehøgskulemann, prest og diktar. Han gav ut den første songboka på landsmål.

Bøhn var fødd 27. juni 1838 i Ullensaker og døydde 26. september 1924 i Gausdal. Han tok examen artium på Hartvig Nissens skole i 1856, men var mykje sjuk og fekk teologisk embetseksamen først i 1867.
I studietida vart han kjend med Christopher Bruun, og fram til 1896 var han folkehøgskulelærar, først ved folkehøgskulen til Bruun på Romundgard i Sel vinteren 1868–69, dei tre neste åra på eigen folkehøgskule på Gisvoll i Ullensaker, og 1872–74 ved Vonheim i Gausdal saman med Bruun og Kristofer Janson. 1874–77 var han hos Johannes Helleland på Ullensvang folkehøgskule i Hardanger, og frå 1977 til 1896 var han tilbake på Vonheim i Gausdal, dei tre siste åra som skulestyrar. Bøhn var deretter sokneprest i Vestnes fram til 1908 og flytta så til Lillehammer og i 1915 til Gausdal.
I 1869 gav Bøhn ut på eige forlag Norska Visor aat Folkehøgskular, den første songboka på landsmål. Av dei 50 songane var åtte av Aasen, fire av Vinje, fire av Janson og sju av Bøhn, anten eigne eller omsette. Resten var folkeviser eller einskildsongar av andre diktarar. Ei omarbeidd utgåve kom i 1871 med tittelen Norske Visor aat Skulom. 1882–83 gav han ut Norske songar I og II med mellom anna «I djupe dalar og grøne lider», den av Bøhns songar som er best kjend i dag. I dag er han òg kjend for melodien til folkevisa «Bendik og Årolilja». 1921 kom Norske songar og visor med ein biografi skriven av Anton Aure.
Bøhn skreiv også Grunddrag av sproglæren til ledetraad ved den første undervisning (1881) og Ulærde tanker over verdenshistorien (1890). I 1887 kom Om underfulde helbredelser, i 1911 Jesu Kristi kristendom, og 1923 Om kristendomstvilene.
 
Kjelder
Knut Aukrust: «Ingvar Bøhn», Norsk biografisk leksikon, bd. 2. Oslo 2000
Ingvar Bøhn: Norske songar og visor. Utgjevne med ei livsskildring av bokskrivaren ved Anton Aure. Risør 1921
Rasmus Stauri: Fire folkelærarar: Herman Anker, Olaus Arvesen, Christopher Bruun, Viggo Ullmann. Oslo 1930
Aslak Torjusson: Den norske folkehøgskulen. Oslo 1977
Kr. Vikne: «Gislevoll Folkehøgskole. Den første ungdomsskolen på Romerike», I Årbok for Romerike historielag, IV, 1961.
Terje Aarset: Den nynorske songskatten. Oslo 2009
Peikarar

Først publisert: 01.11.2011
Sist oppdatert: 13.11.2018