Hopp til innhold
 Foto:Anne Liv Ekroll
Foto:Anne Liv Ekroll
X
Innhald

Ingvild Bryn

Ingvild Bryn, journalist og programleiar i NRK, mangeårig nyhendeanker i Dagsrevyen som har gjort ein solid innsats for nynorsk i kringkastinga.

Ingvild Bryn er fødd 18. mars 1961 på Voss. Etter examen artium ved Voss gymnas i 1980 var ho journalist for lokalavisa Horda Tidend (1980–81). Dernest studerte ho norsk grunnfag og journalistikk ved Høgskulen i Volda (1981–84) og statsvitskap ved Universitetet i Oslo (1985/86).
Frå 1984 tok Bryn til å arbeide for NRK. Først i NRK Hordaland (1984–85) og sidan som reporter og vaktsjef i Dagsnytt. I perioden 1990–92 var Bryn NRK sin korrespondent i Stockholm. I 1992 vart ho programleiar i Dagsrevyen og er i 2010 framleis å sjå i dette programmet.
Bryn har òg utført andre oppgåver for NRK. Saman med Morten Harket var ho programleiar for Eurovision Song Contest i 1996. I 1995–1999 var ho korrespondent i Washington. Som første kvinne var ho i 2001 programleiar under NRK si sending under valnatta. Sidan har ho vore med på fleire valsendingar, mellom anna ved den amerikanske valvaka i 2008.
Utanfor NRK har Bryn ei rekkje engasjement. Mellom anna har ho vore aktiv i mediemållaget, der ho var styreleiar frå 1988 til 1990 og sat i styret frå 2004 til 2010. Ho er òg styremedlem i Verdens Barn, som er den eldste adoptivforeininga her i landet.
Bryn fekk Kringkastingsprisen i 1998 og Alf Helleviks mediemålpris i 2004, begge for arbeidet med nynorsk i media.
I 2012 vart Ingvild Bryn saman med Arill Riise i TV 2, kåra til Årets nynorskbrukar. Dei fekk prisen for utsøkt språkbruk og framifrå bruk av normert nynorsk i moderne nyheitsjournalistikk i radio og fjernsyn.
Kjelder
Samtale med og e-post frå Ingvild Bryn
Om Kringkastingsprisen på Kringkastingsringen sine nettsider, http://www.kringkastingsringen.no/kringkastingsprisen [lesedato 26.04.2010]
Ingvild Bryn og Arill Riise er årets nynorskbrukarar
Peikarar
Om Ingvild Bryn på nettsidene til Utanriksdepartementet

Først publisert: 26.04.2010
Sist oppdatert: 19.09.2018