Hopp til innhold
X
Innhald

Jack Berntsen

Joakim Jan Aril (Jack) Berntsen, trubadur, komponist og tekstforfattar. Gjennom ei rekkje visebøker, plater og festivalen Troilltampen blei han sjølve personifiseringa av den nordnorske visebølgja i 1970-åra. Han er særleg knytt til protestvisa «Bygdevise» / «Kor e hammaren, Edvard».

Jack Berntsen var fødd 14. oktober 1940 i Kjøpsvik i Tysfjord kommune i Nordland og døydde 5. oktober 2010 i Lofoten. Etter oppvekst i Hamarøy og cand.mag.-eksamen i filologi ved Universitetet i Oslo (1963–68) budde han resten av livet i Svolvær. Der var han gymnaslærar fram til han blei pensjonist.

Med politisk brodd brøyta Berntsen veg for nordnorske dialektar i visediktinga. Han starta viseklubben Lovisa (1968) og Troilltampen musikkfestival for amatørar (1973), der Nordnorsk Visegruppe debuterte (1975) og Halvdan Sivertsen song «Kjærlighetsvise» (1978).

Berntsen var den første leiaren i Norsk Viseforum (NVF), som blei etablert i 1975. Han skreiv både for born og vaksne, men var først og fremst visesongar, med eigne melodiar. Han stod for melodien til «Bygdevise». Teksten, av Jahn-Arill Skogholt, vann Dag og Tids visekonkurranse i 1971. Dette blei den første plata på nordnorsk dialekt (1974), og eit symbol på den politiske oppvakninga.

Berntsen fekk Dag og Tid sin pris Sølvharpa (1975), Nordland fylkes kulturpris (1981), Blixprisen (1982) og Prøysenprisen (1985). Jack Berntsens kulturpris blei oppretta i 2000.

Kjelder

«Jack Berntsen», i Jan Eggum, Bård Ose og Siren Steen (red.): Norsk pop & rock leksikon. Populærmusikk i hundre år. Oslo 2005

Ola Bremnes: Nordnorsk sangbok. Fra Petter Dass til Moddi. Oslo 2016

Ragnar Olsen: «Til minne om han Jack», viser.no, publisert 10.10.2010: https://viser.no/2010/til-minne-om-jack-berntsen/ [lesedato 16.11.2017]

«Jack Berntsen», NFK, Fylkesleksikon for Nordland, nfk.no, sist oppdatert 14.7.2016: https://www.nfk.no/fylkesleksikon/innhold/hendelser-og-historie/jack-berntsen.852668.aspx [lesedato 16.11.2017]

Om utstillinga «Trolltamp. Jack Berntsen og den nordnorske visebølgen» ved Sortland museum, kulturfabrikken.no: http://www.kulturfabrikkensortland.no/event/trolltamp/ [lesedato 16.11.2017]

Peikarar

Fjernsynsprogrammet «I ly av Lofotveggen», frå 1988 

Fjernsynsprogrammet «Trolltampen 1977», Storjord i Tysfjord 

Først publisert: 12.04.2018
Sist oppdatert: 12.04.2018