Hopp til innhold
X
Innhald

Jacob Bjerknes

Jacob Bjerknes, 1897–1975, var meteorolog og medlem av bergensskulen. 

Bjerknes verka som professor i Bergen i 1931–40, og i Los Angeles frå 1940. Han var son av Vilhelm Bjerknes. Jacob Bjerknes leverte bidrag som har vore grunnleggjande innanfor meteorologien, som The life cycle of cyclones and the polar front theory of atmospheric ciruculation («Livsløpet til syklonar og teorien om polarfronten for atmosfærisk sirkulasjon», 1922), saman med Halvor Solberg.

Under den andre verdskrigen la Bjerknes ned eit viktig arbeid i vêrvarslingstenesta til dei allierte. Han deltok også som meteorolog då Roald Amundsen kryssa Arktis første gongen i luftskipet «Norge».


Sist oppdatert: 12.12.2017