Hopp til innhold
X
Innhald

Jan-Petter Blom

Jan-Petter Blom, folkemusikkforskar, felespelar og professor i sosialantropologi, pedagog og pådrivar innanfor norsk folkemusikk gjennom mange tiår.

Jan-Petter Blom er fødd på Rjukan 20. november 1927. Han tok examen artium ved Valler gymnas i Asker i 1948, studerte musikkvitskap i fem år frå 1953 og tok magistergraden i folkelivsgransking ved Universitetet i Oslo i 1961. Frå 1962 har han budd i Bergen. Frå 1963 til 1970 var han universitetslektor ved Institutt for sosialantropologi ved Universitetet i Bergen, i 1970–82 dosent same staden og deretter professor i 1982–96. Han har undervist ved Etnografisk museum i Oslo og vore gjesteprofessor i utlandet.
I forskinga si har Blom kombinert kunnskapane sine innanfor musikk og antropologi. Han meinte at musikk vert formidla av kroppslege erfaringar, og utvikla ein anerkjend metodikk for å analysere rørslerytmar og samspelet mellom musikk og dans. Gjennom studiar av folkemusikk i inn- og utland var han med og skape faget etnomusikologi, der musikk vert forstått i ein brei kulturell samanheng. Han har òg utmerkt seg som språksosiolog.
På det praktiske planet har Blom medverka til å få i gang fleire utdanningstilbod i folkemusikk. Han var med og oppretta Ole Bull Akademiet på Voss, han leia komiteen som opna for folkemusikkstudiar ved Akademiet i Rauland, og han var initiativtakar til Griegakademiet i Bergen. Der var han professor i 1996–98. For nordmenn landet rundt er han kjend som dommar ved tallause kappleikar.
Frå musikkvitskap til folkelivsgransking
Blom fekk tidleg øyre for musikk. I oppveksten spela han fiolin, og mora var songar. Han var omgitt av slåttemusikken i Telemark og lærte sjølv å spele hardingfele.
I 1953 byrja han på magistergradsstudiet i musikkvitskap ved Universitetet i Oslo. Han ønskte å studere dei regionale forskjellane i musikk og dans, men eit slikt perspektivet passa ikkje inn i det teoretiske faget. Etter fem år forlét han difor musikkvitskapen til fordel for folkelivsgransking, som han tok magistergraden i, med ei avhandling om norske bygdedansar.
Nyfikna for musikk og dans som kulturelle ytringar gjorde at Blom søkte seg til det nyoppretta sosialantropologistudiet ved Universitetet i Bergen. Ved å bruke samanliknande metodar til å studere musikkformer var han med på å byggje opp faget etnomusikologi. Han skaffa seg innsikt ved feltarbeid i fleire land. På Bahamas studerte han afroamerikanske musikksjangrar, i India oppsøkte han ein omvandrande musikarkaste for å lære om repertoaret deira og korleis dei tilpassa seg samfunnet elles.
Gjennom feltarbeid har han òg studert språk som sosial ytring. I Rana undersøkte han lokale målføre og forhold som påverkar vedlikehald og oppløysning av dialektar. Arbeida hans har medverka til teoriutviklinga i språksosiologien.
Teori og praksis hand i hand
Akademikaren Blom er ein musikalsk praktikar. I ungdomen spela han i studentorkester, og han har vore dansar og danseinstruktør. Som gjesteprofessor ved Berkeley-universitetet i California i 1966 underviste han i musikk og skandinavisk kultur. Han nøgde seg ikkje med å forklare musikkformene, han dansa dei for studentane.
I Noreg har han fremja felespel og folkedans ved å vere dommar ved kappleikar og andre tevlingar. Ei viktig oppgåve har vore å dokumentere folkemusikken. Frå gamalt av har spelemennene lært av andre utøvarar, utan å gå vegen om notar og nedteikningar. Forskarar såg behovet for å samle inn slåttane for å sikre dei for ettertida, og i dette innsamlingsarbeidet har Blom vore sentral, som redaktør for to av binda i Hardingfeleverket.
Rekruttering og skolering
Skal folkemusikken ha ei framtid, må ungdomen lærast opp. Blom har kjempa for at opplæringa må skje i faste former og har sjølv gått i bresjen for fleire opplæringstilbod.
I 1980-åra var han mellom dei som drog i gang folkemusikkfaget ved Akademiet i Rauland. Vestafjells var han i 1977 med på å starte Ole Bull Akademiet på Voss, som gir opplæring i musikk og dans på høgskulenivå. I Bergen gjekk han i spissen for Griegakademiet, som vart opna 1995. Ein av grunntankane med akademiet var å bryte det innarbeidde skiljet mellom musikk som vitskap og musikk som praksis, og gi studentane ei integrert musikkutdanning. Som professor ved Griegakademiet frå 1996 til han gjekk av i 1998, var han med på å forme det nye studiet.
Blom har hatt mange tillitsverv i norsk musikkliv og er heidersmedlem i Landslaget for spelemenn. I 2007 fekk han ein pris frå Rådet for folkemusikk og folkedans for innsatsen sin for norsk folkemusikk.
Kjelder
Telefonsamtale med Jan-Petter Blom 26.9.2013
Årbok for norsk folkemusikk 2009. Norsk Folkemusikk- og Danselag
Olaf H. Smedal: «En paradoksal antropolog. Jan-Petter Blom intervjuet av Olaf H. Smedal», Norsk antropologisk tidsskrift nr. 3/2009: http://www.idunn.no/file/ci/35534929/nat_2009_03_pdf.pdf (tilgjengeleg med passord) [lesedato 15.9.2013]

Først publisert: 19.03.2014
Sist oppdatert: 19.03.2014