Hopp til innhold
Foto: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane/Allkunne.
Foto: Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane/Allkunne.
X
Innhald

Jarle Bondevik

Jarle Bondevik, språkforskar og professor i norsk språk og språkhistorie. Dei viktigaste faglege bidraga hans handlar om utviklingstrekk i nynorsk bibelmål.

Jarle Bondevik var fødd i Sogndal 24. juni 1934 og døydde 4. april 2016 i Bergen. Han studerte filologi ved universiteta i Bergen og Oslo. Faga var historie og tysk, før han avslutta med nordisk hovudfag i Bergen i 1961. Bondevik skreiv hovudoppgåva si om stadnamn frå Sogndal. Etter embetseksamen arbeidde han i to år ved Aarhus Universitet, før han slo rot i Bergen, først som lektor ved Bergen off. lærarskule (1963–1972), frå 1972 som tilsett ved Nordisk institutt ved Universitetet i Bergen, der han i 1993 vart tilsett som professor i nordisk språkvitskap. og døydde

Bondevik var også professor II ved Høgskulen i Volda i tidsrommet 1991–1999 og medlem av Norsk språkråd i åra 1988–1995.
Bondevik tok saman med Oddvar Nes og Terje Aarset initiativ til Ivar Aasen-selskapet, skipa 10. mars 1991. Saman har dei redigert og gitt ut fleire skrifter av Ivar Aasen.
«Studiar i det nynorske bibelmålet. Morfologi og ordtilfang» var namnet på doktorarbeidet hans, som kom i 1985. I 2003 publiserte han «Og ordet vart nynorsk», som viser framvoksteren av nynorsk som bibelmål. Han har òg gjennom mange år forska på det eldre landsmålet og på dialektar, og i 1990 skreiv han om «Modalsmålet» i Bygdebok for Modalen.
Kjelder
Ole-Jørgen Johannessen og Oddvar Nes (red.): Folkemål, landsmål, bibelmål. Heidersskrift til Jarle Bondevik. Øvre Ervik 2004

Først publisert: 02.02.2011
Sist oppdatert: 06.04.2016