Hopp til innhold
X
Innhald

Jean Baudrillard

Jean Baudrillard (1929–2007) var ein fransk filosof og sosiolog og eit av dei mest kjende namna i postmoderne teori. Han fører saman klassiske sosiologiske tema om makt og klasse med teoriar om teikn, semiologien. Det er ikkje faktiske ting eller verdiar ein kjempar om i det postmoderne samfunnet, men teikn og symbol. Vi forbrukar teikn. I denne prosessen blir det eit skarpare skilje mellom teikna, som simulerer det verkelege, og det verkelege sjølv. Det blir heller ikkje noko rasjonalt forhold mellom dei styrande og «folket», som i eit fungerande demokrati. 

På mange måtar foregrip Baudrillard diskusjonen om «fake news» eller falske nyhende. Dei filosofiske implikasjonane av Baudrillard er at det er umogeleg å formulera noko kriterium for sanning.


Om artikkelen

Kjeldeliste til Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018.

Artikkelen er henta frå Jan Inge Sørbø: Nynorsk litteraturhistorie. Det Norske Samlaget 2018. Publisert digitalt etter avtale med forlaget og forfattaren. Prosjektet er ein del av feiringa av 150-årsjubileet til Det Norske Samlaget og 10-årsjubileet til Allkunne.

Først publisert: 15.10.2018
Sist oppdatert: 15.10.2018