Hopp til innhold
Ved borga på Austrått står ein steinpyramide som truleg blei oppført i 1665. Innskrifta på minnetavla lyder slik: «Her bær den Sted nu Korn som fordum haffuer baaren den dyre Rigens Mand af Herren sielff udkaaren Jens Bielcke, som i Fem og Fyrretiuffe aar Rett Landsens Fader och To Kongers Kandtzler waar». Minnetavla var det sonen Ove Bjelke (1611–74) som fekk utført. Foto (1938): Halvor Vreim. Kjelde: nb.no. Fotolisens: Public Domain / falle i det fri.
Ved borga på Austrått står ein steinpyramide som truleg blei oppført i 1665. Innskrifta på minnetavla lyder slik: «Her bær den Sted nu Korn som fordum haffuer baaren den dyre Rigens Mand af Herren sielff udkaaren Jens Bielcke, som i Fem og Fyrretiuffe aar Rett Landsens Fader och To Kongers Kandtzler waar». Minnetavla var det sonen Ove Bjelke (1611–74) som fekk utført. Foto (1938): Halvor Vreim. Kjelde: nb.no. Fotolisens: Public Domain / falle i det fri.
X
Innhald

Jens Bjelke

Jens Bjelke var rikskanslar i Noreg og ein styrtrik godseigar som ei tid åtte ein femtedel av alt adelsgods i landet. Han heldt senga til klokka tolv kvar dag, men vert likevel hugsa som ein umåteleg arbeidsam embetsmann for danskekongen.

Jens Ågessøn Bjelke (1580–1659) var fødd på Austrått 2. februar 1580, som son av Åge Jenssøn Bjelke (1552–1603) og Margrethe Clausdotter Thott. I 1610 gifta Jens seg med Sophie Brockenhuus, frå adelsgarden Elingård utanfor Fredrikstad, der paret vart buande. Saman fekk dei 14 barn – åtte søner og seks døtrer. Mellom dei vart Ove Bjelke rikskanslar i Noreg etter faren, Henrik Bjelke vart riksadmiral og Jørgen Bjelke generalløytnant.

Tjue år gamal vart Jens Bjelke teken opp ved universitetet i Rostock. I 1605 vart han sekretær ved kanselliet i København, det sentrale forvaltingskontoret i Danmark-Noreg. Her førte han i 1607 tiltalen mot matematikaren Jørgen Dybvad, som vart straffa for kritikk mot regjeringa. I 1609 deltok han i drøftinga av grenseforhold nord i Noreg, på ein dansk herredag. Så vart han send til Noreg, med instruksar til lensherrane i nord om grensesaka.

I Noreg heldt han arveskifte med mora og søstera over Austrått, eit gamalt mellomaldergods og ein storgard i vikingtida ved munninga av Trondheimsfjorden. Gjennom giftarmålet med Sophie fekk han store eigedomar også søraust i Noreg. Dei neste åra fekk han fleire gods i len av kongen, område som han styrte og fekk inntekter frå, mellom anna Reins klostergods, med Tautra og Viksgodset i Trøndelag, Onsøy len, Nonneseter kloster og i 1622 det gamle bispegodset som kongen hadde overteke i samband med reformasjonen (i Smålenene og Akershus). Bjelke vart slik den rikaste godseigaren i landet også før han fekk Bergenhus i len i 1633 og Stavanger len i 1641. Likevel klaga han over armoda si til kongen gjennom heile sitt liv og var særleg misnøgd med at han ikkje fekk Trondheim i len.

Danmark-Noreg låg i krig med Sverige frå 1611 til 1613. Bjelke fekk ansvar for troppane i Trøndelag og Jemtland. Kampane gjekk dårleg. Då soldatar som svenskane hadde verva, kom inn Trondheimsfjorden og marsjerte opp gjennom Stjørdalen, rømte dei utrente bondesoldatane. Året etter gjorde nederlandske leigesoldatar innfall i Trøndelag og brende ned gardar på veg til Sverige. Bjelke vart ikkje stilt til ansvar for samanbrotet, men derimot den eigentlege øvstkommanderande, lensherren Sten Bille, som hadde lagt seg sjuk då ufreden tok til. I staden leidde Bjelke ein kommisjon som straffa bøndene i Trøndelag og Jemtland for manglande innsats, sjølv om dei hadde vore dårleg utstyrte.

I 1614 vart Bjelke så utnemnd til kanslar over det norske riket, den øvste leiaren av rettsvesenet og den fremste talsmannen for adelen. Under Bjelke fekk kanslarstillinga ny kraft. Han tok del i svært mange kommisjonar for behandling av ulike forhold – innanfor offentleg forvaltning, økonomi, forsvar og meir private tvistar. Frå 1632 til 1636 leidde han Bjelkekommisjonen, som undersøkte forholdet mellom norske futar og bønder, i tillegg til andre bondeklager over byrder og jordtvistar. Fleire futar vart dømde til bøter eller vart avsette, og kommisjonen fekk igjennom at futane måtte over på fast løn. Kommisjonsarbeidet gjekk inn i grunnlaget for den nye dansk-norske lovsamlinga av 1643.

Bjelke var ein svært arbeidssam og lojal embetsmann, som ivra for fleire reformer, til tider heller i krona enn adelen sine interesser. Då Hannibal Sehested vart statthaldar i 1642, samarbeidde dei om fleire utbetringar av styret i Noreg, mellom anna oppbygginga av ein norsk hær. Under den nye krigen med Sverige i 1643–45 var Bjelke krigskommissær. Hæren lykkast då med små åtak på svenske område, men Sverige vann krigen og la under seg Jemtland og Herjedalen. Sehested hadde mykje av initiativet, og det er først Jørgen Bjelke, son til Jens, som trer fram som ein vellykka hærleiar.

Allereie i studietida sysla Jens Bjelke med diktskriving. Ifølgje historikaren Yngvar Nielsen var poesien svært mislykka, med eit dikt om Grønland i kansellitida som «det vandigste gods, man kan læse». Seinare skreiv Bjelke fleire salmar og religiøse vers, dessutan òg eit verk på rim om lensherrane i Bergenhus. I 1634 fekk han gitt ut ei samling av rettsreglar, med ei ordliste på norsk, som vert rekna som den første norske ordboka. Bjelke var ein ivrig brevskrivar, men mykje av hans eige arkiv gjekk tapt i brann.

Som adelsmann levde Bjelke standsmessig og eksentrisk. Kvar dag heldt han senga og arbeidde der fram til klokka tolv, og breva etter han ber difor preg av stygg handskrift. To dagar i veka gjekk med til lyst og glede, stort sett jakt.

På veg til å feire den nye statthaldaren i Noreg, Gregers Krabbe, i 1656, vart kona Sophie sjuk. Då ho likevel tvinga seg med på festen, vart ho veikare og døydde etter kort tid. Ekteparet hadde den siste tida budd på setegarden Sande i Tune, etter at Elingård brann i 1645. Her døydde Jens Bjelke 7. november 1659, før han vart gravlagd i familiekapellet ved Onsøy kyrkje.

 

Kjelder

Elisabeth S. Eide: «Likprekener og liv i Norge på 1600-tallet». Kirke og Kultur nr. 4/2011, s. 314–327

Hans P. Hosar: «Herre og bønder ved Jens Bjelkes adelsgods kring midten av 1600-talet. Ein studie i føydal utbytting i Noreg», hovudoppgåve i historie. Universitetet i Oslo 1981

Yngvar Nielsen: Jens Bjelke til Østråt. Norges riges kantsler. Et bidrag til Norges indre historie i den første halvdel af det syttende århundrede. Kristiania 1872

 

Peikarar

Jens Bjelke: Den Danske oc Norske Lougs des Summariske Indhold offuer huert Capittel i samme Lower, Verss og Rytmicè forfattet. Med en Taffle eller Register der hoes paa alle de Danske oc Norske Mørcke Glosser oc Juridiske Terminis som begge Lower indeholder sampt andre Tractater oc Landzens Brug medgiffver i huert Rige Danmarck oc Norge. Med deris Rette oc udførlige Forklaring. København 1634. Tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket, nb.no

Først publisert: 18.11.2020
Sist oppdatert: 27.11.2020