Hopp til innhold
 Jens Bjørneboe, 1952. Foto: Leif Ørnelund. www.digitaltmuseum.no CC 3.0
Jens Bjørneboe, 1952. Foto: Leif Ørnelund. www.digitaltmuseum.no CC 3.0
X
Innhald

Jens Bjørneboe

Jens Bjørneboe, 1920–76, var forfattar. Han debuterte i 1951 med Dikt. Andre diktsamlingar som følgde, var mellom andre Ariadne i 1953 og Aske, vind og jord i 1968.
 
I Før hanen galer frå 1952 gjekk han til åtak på medisinske eksperiment på menneske, i Jonas frå 1955 på eit autoritært skulesystem, i Den onde hyrde frå 1960 på kriminalomsorg og fangebehandling. I Uten en tråd frå 1966, som vart forboden, tok han for seg seksualmoralen.
 
Bjørneboe skreiv ein dokumentarisk roman om Ragnhild Jølsen, Drømmen og hjulet frå 1964. I trilogien Frihetens øyeblikk frå 1966, Kruttårnet frå 1969 og Stillheten frå 1974 skildrar han "bestialitetens historie". Den siste romanen han skreiv, var Haiene frå 1975.
 
Bjørneboe skreiv òg skodespel, mellom andre Tillykke med dagen frå 1965, Fugleelskerne frå 1969 og Amputasjonen frå 1970, og essay om teater, litteratur og politikk. Jens Bjørneboe fekk Kritikarprisen i 1973

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.03.2013
Sist oppdatert: 21.05.2013