Hopp til innhold
X
Innhald

Jens Brekke

Jens Brekke, lærar, kulturarbeidar og songar frå Vik i Sogn. Han er ein framståande formidlar av Per Sivle si dikting, men har også skrive og framført ei rekkje eigne viser og småforteljingar.

Brekke er fødd 25. mai 1951 i Vik. Han er utdanna lærar og har undervist ved Flatbygdi skule og Vangsnes skule 1977–2002. Han har tidlegare spela saman med Ragnar Hove og Ottar Wiik i musikkgruppa Skjerpehaugen, som har gjeve ut to LP-plater (Pao sognamaol, 1984, Veitla, 1987) og ein kassett (Kista hev eg pakka, 1989). Dei tre har også turnert mykje med viseprogram i Folkeakademiet. Brekke har gjennom mange år vore radiokåsør i NRK Sogn og Fjordane, og han har blitt kjend som humorist med hefteserien Illustrert tyleskap. Han har òg redigert lokalhistorie.
 
Som forfattar har Brekke gitt ut mellom anna Vetlaboki – eit songhefte for barnehagar, og fleire av bøkene til Per Sivle i nyutgåver. Han var ein av initiativtakarane til Sivlelaget og har vore leiar for dette laget sidan starten i 2002. Brekke vart tildelt Sogn og Fjordane sin fylkesmålpris i 1998, Vik kommune sin kulturpris 1999 og Sogn og Fjordane mållag sin målrospris i 2000.

Først publisert: 16.06.2009
Sist oppdatert: 31.07.2018