Hopp til innhold
 Johan Borgen. Foto: Nasjonalbiblioteket. CC BY 2.0
Johan Borgen. Foto: Nasjonalbiblioteket. CC BY 2.0
X
Innhald

Johan Borgen

Johan Borgen, 1902–79, var forfattar, journalist og kritikar. Han er særleg kjend som novellediktar med samlingane Mot mørket, som var debuten i 1925, Barnesinn frå 1937, Noveller om kjærlighet frå 1952, Nye noveller frå 1965 med fleire.
 
Mest kjende av romanane er Kjærlighetsstien frå 1946, Lillelord-trilogien som kom i åra 1955–57, Jeg frå 1959 og Blåtind frå 1964. Stilistisk er memoarboka Barndommens rike (1965) i slekt med Lillelord-bøkene. Artiklar i utval kom ut i 1977. Dessutan skreiv han petitar under psevdonymet Mumle Gåsegg, som òg kom i bokform, og essay. Borgen fekk kunstnarløn frå 1958, Kritikarprisen i 1955, Nordisk Råds litteraturpris i 1967.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.03.2013
Sist oppdatert: 08.03.2013