Hopp til innhold
X
Innhald

Johan Nordahl Brun

Johan Nordahl Brun, 1745–1816, var forfattar, teolog og biskop i Bergen. Han skreiv mellom anna songen "Jeg tog min nystemte Cithar" og den første norske nasjonalsongen "For Norge, Kiempers Fødeland". Brun var ortodoks og bokstavtru som teolog, og motstandar både av rasjonalismen og den folkelege kristendomen til Hans Nielsen Hauge. Av salmane hans kan "Jesus lever, graven brast" nemnast.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.03.2013
Sist oppdatert: 21.05.2013