Hopp til innhold
X
Innhald

Johann Bolyai

Johann Bolyai, 1802–60, ung matematikar som i 1832 utarbeidde ein motseiingsfri (konsistent) geometri utan å nytte det såkalla euklidske parallellaksiomet, jamfør Euklid. Saman med Gauss og Lobatsjevskij vert han rekna for å vere ein av grunnleggjarane av den ikkje-euklidske geometrien. Geometrien hans vert ofte omtalt som den hyperbolske geometrien.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 12.04.2012
Sist oppdatert: 12.04.2012