Hopp til innhold
Johann Sebastian Bach portrettert av Elias Gottlob Haussmann (1746).
Johann Sebastian Bach portrettert av Elias Gottlob Haussmann (1746).
X
Innhald

Johann Sebastian Bach

Johann Sebastian Bach, tysk komponist og organist, var éin av dei viktigaste komponistane i historia og skreiv meisterstykke i alle kjende sjangrar i si tid, utanom opera.

Johann Sebastian Bach var fødd 21. mars 1685 i Eisenach i Tyskland og døydde i Leipzig 28. juli 1750. Han fekk musikkopplæring først hos faren, så hos bror sin, som han budde hos frå 1695. I Eisenach gjekk han på latinskulen, medan han etter 1695 fekk gå på Lyzeum-skulen i Ohrdruf, der han fekk god opplæring i fag som latin, song og teologi, fram til 1700.
Dei første stillingane hans (1703–17) var som organist, og det meste av musikken hans frå denne tida er orgelmusikk. Medan han var i Köthen (1717–23) skreiv han mest verdsleg musikk, mellom anna dei kjende Brandenburg-konsertane. I 1723 vart han sjefskantor ved Thomaskyrkja i Leipzig, og her vart han verande resten av livet. Hovuddelen av vokalmusikken hans vart skriven her, og særleg viktige er dei mange kantatane, Johannespasjonen (1724), Matteuspasjonen (1727), Juleoratoriet (1734) og Messe i h-moll (fullført i 1749). Til saman skreiv han meir enn 1100 verk.
Johann Sebastian Bach står i sentrum for den fremste musikarslekta gjennom tidene, og mange Bach-ar både før og etter han var kjende komponistar og musikarar, til dømes grandonkelen, Johann Cristoph, og sønene Wilhelm Friedemann og Carl Philipp Emanuel. Særpreget hans er ei unik evne til å kombinere enkle melodiar, meisterleg kontrapunkt og stor emosjonell kraft i avanserte musikalske strukturar. Likevel var det som organist han var kjend då han døydde i 1750, og ikkje før den såkalla Bach-oppvakninga på 1800-talet vart han allment anerkjend som komponist.
(Artikkelen held fram under videoen)
 
Lydvideo: Utvalde komposisjonar.
Oppvekst, Weimar og Köthen
Bach voks opp i Eisenach, men då mora døydde i 1694 og faren 1695, måtte han flytte til Ohrdruf, der broren Johann Cristoph var organist. Han fekk timar hos broren, og alt i 1703 vart han organist i Neue Kirche i Arnstadt.
Han var i Arnstadt i fem år, før han i 1708 vart hofforganist hos hertug Wilhelm av Weimar. Her skreiv han dei fleste orgelverka sine og vann ry, slik at studentar kom langvegsfrå for å få speletimar hos han. Han vart òg kjend med samtidig italiensk musikk, og særleg Vivaldi påverka Bach mykje. Bach kombinerte italienaren si evne til å lage enkle og karakteristiske melodilinjer med si eiga unike evne til kontrapunkt og musikalsk oppbygging. Då Bach i 1717 ville ta over kapellmeisterstillinga i Köthen, nekta hertugen han å slutte som hofforganist, og lét han i staden sitje ein månad i fengsel før han fekk reise.
Den unge prins Leopold av Köthen elska musikk og gav Bach svært gode arbeidstilhøve. Prinsen hadde eit godt orkester, som gjorde Bach i stand til å skrive og få framført avansert ensemblemusikk. Det beste dømet på dette er dei seks Brandenburg-konsertane, som er av den aller fremste musikken vi har frå barokktida.
Sjefskantor i Leipzig
I 1721 vart Bach tilsett som sjefskantor ved Thomaskyrkja i Leipzig. Stillinga innebar eit hakk ned i sosial status, men var likevel viktig i tysk musikkliv, fordi han no fekk ansvar for musikken i alle dei fire hovudkyrkjene i Leipzig. Arbeidskrava var overveldande, og dei første fem åra produserte han mellom anna rundt 150 kantatar, og i tillegg dei to store pasjonane, Johannespasjonen og Matteuspasjonen.
Tilfanget hans av musikarar og songarar var av svært varierande kvalitet, og mange av verka vi i dag reknar mellom dei fremste i vestleg musikkhistorie, fekk mykje dårlegare urframføringar enn dei fortente. Likevel heldt han fram med å produsere musikk som fullførte dei grandiose ideane hans og krava til både emosjonelt innhald og nitid, analytisk oppbygging. Dedikasjonen «S. D. G.» (Soli Deo Gloria, «Ære til Gud åleine»), skrive inn på slutten av kvart partitur, kan vere med og forklare denne forbløffande prinsippfaste haldninga.
(Artikkelen held fram under videoen)
Lydvideo: Matteuspasjonen (BWV 244)
Fram frå gløymsla
Fordi Bach var mest kjend som organist og den musikalske smaken i Europa alt var på veg mot den etterkvart dominerande wienerklassisismen, vart han fort gløymd då han 65 år gamal døydde av eit slag sommaren 1750. Rundt hundreårsskiftet vart det likevel noko merksemd kring Bach, mellom anna fordi ein biografi om han kom ut i 1802.
Vendepunktet var Felix Mendelsohn si oppføring av Matteuspasjonen i 1829, som forvandla den vesle Bach-kultusen til ei folkerørsle, den første nokon gong for å framføre på nytt musikken til ein avdød komponist. I 1850 vart Die Bach-Gesellschaft (Bach-selskapet) stifta, med mål om å gi ut all musikken hans, noko dei oppnådde i 1900. Ifølgje BWV-systemet (Bach-Werke-Verzeichnis), som vert brukt for å nummerere komposisjonane hans, skreiv Bach meir enn 1100 verk, og han vert i dag hylla verda rundt som ein av dei fremste komponistane gjennom tidene.
Kjelder
Donald Jay Grout et al.: A History of Western Music. Sixth Edition. New York 2001
Michael Kennedy (red.): «Bach, Johann Sebastian», i The Oxford Dictionary of Music. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/opr/t237/e715 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 1.10.2013]
Basil Smallman: «Bach, Johann Sebastian», i The Oxford Companion to Music. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/opr/t114/e522 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 1.10.2013]
Nicholas Temperley og Peter Wollny: «Bach Revival», i Grove Music Online. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/01708 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 4.10.2013].
Cristoph Wolff et al.: «Bach», i Grove Music Online. Oxford Music Online. Oxford University Press: http://www.oxfordmusiconline.com/subscriber/article/grove/music/40023pg10 (tilgjengeleg med passord) [lesedato 1.10.2013]
Peikarar
Oversikt over Bach-konsertar på bachtrack.com

Først publisert: 19.03.2014
Sist oppdatert: 28.05.2014