Hopp til innhold
Johannes Barstad
Johannes Barstad
Foto: Nynorsk kultursentrum, arkiv. Nytta etter avtale med Aasen-tunet
X
Innhald

Johannes A. Barstad

Johannes Andreas Barstad var prest i Volda og på Voss. Han skreiv salmar, og han grunnla og redigerte i over førti år det kristelege målbladet Stille Stunder, som framleis kjem ut.

Barstad var fødd som bondeson i Volda 7. april 1857 og døydde der 7. januar 1931. Mora var av Aarflot-slekta. Etter embetseksamen i 1883 underviste han i nokre år i Stavanger, før han kom til heimbygda som kapellan i 1887. I 1900 vart han utnemnd til sokneprest (etter å ha vore konstituert i embetet sidan 1896) og frå 1905 var han prost for Søre Sunnmøre. Etter eit tiår som sokneprest på Voss (1919–28) flytta han attende til Volda.
 
Barstad kombinerte prestetenesta med aktiv deltaking i vekkingskristendomen på bedehusa. I 1889 starta han oppbyggingsbladet Stille Stunder, som vart ein døropnar for nynorsken, særleg til lekmannsmiljøa på Vestlandet.
 
Nynorsk salmebok (1925) hadde fjorten originale salmar og seks gjendiktingar av Barstad. Norsk salmebok (1985) har to omsetjingar og fire originale. Dei mest kjende er «Stille, stille! Jesus lider» og «Eg ser deg, Gud, i kvar den blom som tirer».
 
Religionssyn og politisk profil
J.A. Barstad høyrde til ein prestegenerasjon som kombinerte tradisjonell luthersk teologi med pietistisk vekkingskristendom. Alt første våren som kapellan i Volda leidde han fleire samtalemøte i det nybygde bedehuset, og han vart vald til formann for ei lokal indremisjonsforeining som vart skipa same sommaren. Samstundes åtvara han mot sekteriske vekkingar med fri nattverd, nekting av barnedåp og utmeldingar av statskyrkja.
 
Som mange teologar frå bondestanden hadde Barstad sympati for venstrerørsla og støtta demokratiske reformer i samfunnet. Men han var kritisk til dei kulturradikale tendensane i Venstre. Han kan såleis reknast til dei moderate, eller «oftedølane», som ville sameine politiske reformer med eit kristeleg konservativt kultur- og livssyn.
 
Barstads mellomposisjon synte seg også i samband med unionsoppløysinga i 1905. Han argumenterte engasjert for frigjeringa frå Sverige – og deretter like sterkt for at Noreg skulle halde fram som kongedøme.
 
Folkemål til kyrkjebruk
Barstad skal tidleg ha vorte glad i landsmålet, men han var varsam med å ta det i bruk i religiøse samanhengar. I praksis vart det ei stegvis innføring av nynorsk kyrkjespråk. Motstanden laut overvinnast litt i senn:
 
«Ein kristeleg mann burt i Ørsta tok meg avsides og aatvara meg. Det var med sorg han og mange andre hadde set, at eg gav meg burt i dette 'væsenet'. Noko etter heldt eg uppbygging i bygdi, og mannen var tilstades. Eg tala paa maalet og song 'Den stundi i Getsemane' paa maalet. Daa rann taarorne ned etter kinni hans. Og eg høyrde aldri han aatvara meg meir.»
 
Alt som ung kapellan nytta Barstad heimemålet i soknebod og konfirmantførebuing. Sommaren 1901 heldt han den fyrste «fullnorske» gudstenesta i hovudstaden, og frå 1907 gjekk han heilt over til nynorsk som preikemål.
 
Redaktør og forfattar
Barstad redigerte oppbyggingsbladet Stille Stunder frå starten i 1889 og heilt til han døydde. Mykje av stoffet skreiv han sjølv. I 1890 gav han ut eit hefte med tekstar frå den første årgangen: Kristelege Songar. Sju av i alt seksten tekstar var dikta eller omsette av Barstad. Seinare gav han ut eigne dikt og salmar i samlingane Kvæde (1904) og Klokkeljod (1914). Av andre bøker kan nemnast Evangeliet etter Markus. Praktisk tolka for skule og heim (1914) og Kristelege barnesogor (1923–24).
 
Barstads innsats fekk mykje å seie i samtida – ikkje minst for haldninga til nynorsk hos mange som i utgangspunktet var skeptiske. Fleire av salmane hans har vorte brukte heilt til vår eiga tid. Det gjeld den inderlege pasjonssalmen «Stille, stille! Jesus lider», den vakkert naturskildrande «Eg ser deg, Gud, i kvar den blom som tirer» og den personleg utfordrande «Din Frelsar ser på deg i dag», som han laga til konfirmantane i 1904.
 
Godord frå overordna
Då Barstad i 1900 søkte sokneprestembetet i Volda, gav prosten han attest for gode preiker og stor arbeidskraft. Då han atten år seinare søkte seg frå Volda til Voss, gav biskop Hognestad ei særs rosande tilråding. Biskopen meinte at Barstad hadde føresetnader til å kunne samle både indremisjonsfolket og den frilynde ungdomen om kyrkja på Voss. Hognestad hadde i mange år støtta Barstads bladarbeid, og godorda frå venen på bispestolen styrkte visseleg søknaden om å få dei siste embetsåra på Voss.
 
Kjelder
Johannes A. Barstad: «Stille Stunder i 25 aar», Stille Stunder 25.07.1914
Jostein Fet: Eksetiana. Aarflots prenteverk 1809-1935. Oslo 2006
Per Halse: «Profet på heimstaden?», Voldaminne. Volda 2007
Oddbjørn Melle: «Lokal mentalitet omkring nasjonal suverenitet», Lokale røyster i 1905. Volda 2005

Først publisert: 18.09.2009
Sist oppdatert: 08.11.2018