Hopp til innhold
Johannes Belsheim
Johannes Belsheim
Foto: Ludwig Szacinski. Fotoet er eit visittkort, og ein del av Finnmark fylkesbiblioteks visittkortsamling. Rettane har falle i det fri.
Johannes Belsheim
Johannes Belsheim
Johannes Belsheim. Foto: Ludwig Szacinski. Biletet er eit visittkort, og frå Finnmark fylkesbiblioteks samling. Det er del av fylkesbiblioteket til fri bruk.
Johannes Belsheim. Foto: Ludwig Szacinski. Biletet er eit visittkort, og frå Finnmark fylkesbiblioteks samling. Det er del av fylkesbiblioteket til fri bruk.
Foto: Ludwig Szacinski. Fotoet er eit visittkort, og ein del av Finnmark fylkesbiblioteks visittkortsamling. Rettane har falle i det fri.
Johannes Belsheim. Foto: Ludwig Szacinski. Biletet er eit visittkort, og frå Finnmark fylkesbiblioteks samling. Det er del av fylkesbiblioteket til fri bruk.
Johannes Belsheim. Foto: Ludwig Szacinski. Biletet er eit visittkort, og frå Finnmark fylkesbiblioteks samling. Det er del av fylkesbiblioteket til fri bruk.
X
Innhald

Johannes Belsheim

Johannes Engebretson Belsheim, husmannsgut og skomakarson frå Valdres som vart heidersmedlem av vitskapsselskapet i Praha. Midt i livet tok han avskil frå eit presteembete for å konsentrere seg om bibelgransking og anna forfattarverksemd.

Belsheim var fødd 21. januar 1829 på den magre husmannsplassen «Kvemishaugen» under ein av Belsheim-gardane i Vang, og han døydde 15. juli 1909. I ungdomen var han dreng og i mange år lærar før han kom seg inn på studievegen. Han las mykje og byrja tidleg å skrive, særleg om kyrkjehistoriske emne. Etter embetseksamen i 1861 underviste han i Porsgrunn og i Vefsn, til han i 1864 vart den første soknepresten i Sør-Varanger. Frå 1870 var han sokneprest i Bjelland, men etter fem år flytta han til Kristiania og vart buande der som fri forskar og forfattar resten av livet.
 
Belsheims litterære produksjon var stor og vidfemnande. Vitskapleg nådde han lengst som utgivar av gamle bibelhandskrifter. Men han formidla òg mykje teologisk kunnskap i populær form, og han var ein av svært få kyrkjemenn som argumenterte for venstrepolitikken. I 1880-åra gjorde han mykje av pionerarbeidet med å setje Det nye testamentet om til nynorsk.
 
Frå husmannsstova til universitetet
Johannes Belsheim var son av ein skomakar, men han vart ikkje ved leisten. Faren nærma seg sytti då Johannes vart fødd, og han døydde då guten var rundt tretten år. Dermed miste dei plassen, og Johannes og mora laut hjelpast med levemåten av folk i bygda. Men lesing vart snart den store lysta hans, og han merkte seg ut som ein gløgg elev.
 
Etter nokre år som gardsdreng vart Belsheim omgangsskulelærar i heimbygda. Til jul i 1855 tok han lærareksamen etter eit lite halvår som tilhøyrar ved seminaret i Asker. Han fekk skulepost i Grue, og der trefte han ein som lånte han pengar til meir utdanning. Belsheim tok artium i 1858 etter eit år ved Heltbergs «studentfabrikk», og i 1861 tok han teologisk embetseksamen.
 
Lærar, prest og politikar
Etter ei tid som lærar i Porsgrunn og lærarskulestyrar i Vefsn vart Belsheim sokneprest, først i Sør-Varanger og så i Bjelland i Agder. Før han reiste nordover, tok han eksamen i samisk, og i Sør-Varanger engasjerte han seg i kommunestyringa, mellom anna som ordførar i fire år.
 
Kjeldene fortel lite om korleis Belsheim utførte prestetenesta, men dei ber bod om at han vart oppfatta som noko «annleis». Det handla om at han ikkje utan vidare tilpassa seg dei ytre formene som høyrde embetsstanden til, at han forsvarte venstrepolitikken og småkårsfolk sine interesser, og ikkje minst at han var ein meir ihuga lesehest enn prestar flest.
 
Skriftgranskar og målmann
I 1875 tok Belsheim avskil med presteyrket og flytta med huslyden sin til hovudstaden. Den utløysande årsaka var ein konflikt med delar av bygdefolket i Bjelland, men seinare framheva han betre høve til utdanning for borna og eiga lyst til å fordjupe seg i vitskapleg arbeid som hovudgrunnar for oppbrotet.
 
Den faglege interessa låg mest i kyrkje- og bibelhistorie, men han skreiv òg om Grunnlova og om politikken i samtida. Den mest verdfulle vitskaplege innsatsen var utgivingar av gamle bibelhandskrifter som han fann og skreiv av i utanlandske bibliotek. Frå 1880 fekk han fast statsstønad til forskinga og dei litterære arbeida.
 
Belsheim var tilhengjar av målsaka, og innimellom anna arbeid sette han om forteljingar, skodespel og salmar til nynorsk. Då Det Norske Samlaget tok initiativ til omsetjing av Det nye testamentet, var Belsheim tenkt som hovudmann i prosjektet. I praksis vart det ein storstilt dugnad, der han laga utkasta til dei fleste skriftene, og så vart dei forbetra i eit samarbeid mellom Ivar Aasen, Matias Skard, Elias Blix og Belsheim.
 
Venskapen med Ivar Aasen
Alt første året Belsheim budde i Kristiania, hadde han Aasen hos seg julekvelden. Resten av livet var dei så mykje saman at det ligg nær å kalle dei bestevener. Dei hadde då også mykje sams. Begge hadde vakse opp i enkle kår i «gamaldagse» bygder. Dei hadde større hug til boklege syslar enn til fysisk arbeid, og dei hadde særleg givnad og interesse for språk. Begge hadde nok vanskar med å kjenne seg heilt heime i byen, og iallfall sette dei pris på samværet med kvarandre.
 
Matias Skard mintest at dei hadde hyggjelege møte då dei arbeidde med bibelomsetjinga i 1880-åra: «… endå Aasen og Belsheim var svære til å fortelja historier så arbeidet stundom vart noko bortheft» (Skard 1972, s. 190). Då Aasen låg på det siste, sat Belsheim ved senga hans. Etterpå ordna han med det som var att og sytte for at eignelutene vart sende til heimegarden i Ørsta. Med bakgrunn i det nære tilhøvet skreiv Belsheim i 1901 den første biografien om Ivar Aasen. Sjølv døydde han som åttiåring sommaren 1909.
 
Kjelder
Ottar Grepstad: «Belsheim, Johannes», Norsk Biografisk Leksikon, bd. 1. Oslo 1999
Jens B. Halvorsen: «Belsheim, Johannes», Norsk forfatter-lexikon, bd. 1. Kristiania 1885
Sigmund Skard: Det levande ordet. Ei bok om Matias Skard. Oslo 1972
Stortingsdokument nr. 40, 1879 «Andragende fra Præst Belsheim om Bevilgning af Reiseunderstøttelse»
Ole K. Ødegaard: «Johannes Belsheim», Tidsskrift for Valdres historielag 1919  
Ole K. Ødegaard: «Johannes Belsheim. Minnesoga upptekna taa hono sjøl», Tidsskrift for Valdres historielag 1920

Først publisert: 04.08.2009
Sist oppdatert: 11.04.2018