
Johannes Bugenhagen
Johannes Bugenhagen, 1485–1558, var tysk teolog og ein nær ven av Melanchton og Luther.
Bugenhagen var prest i Wittenberg i Tyskland – byen Luther var knytt til – frå 1523, etter at han to år tidlegare slutta seg til Luther si lære. Bugenhagen var også professor ved universitetet i Wittenberg. Han høyrte til kretsen rundt Luther, og vart ein viktig luthersk reformator. Bugenhagen var òg kyrkjereformator mellom anna i Danmark.
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
Sist oppdatert: 31.10.2017